onsdag 30. mars 2011

Kaniner

Desse kaninane som titter frem mellom kålhoder, har eg tenkt å bruke som bordskåner/tefat. Alle fem er ulike. Kaninene er applikert på og frihåndsquilta,

Engler og damer

Desse to damene/engelen var med på vårkurset i  Florø. 
Denne engelen sydd i tynt og lett stoff til kjole, underkjole i kraftig bomullstoff og fått strikka leggvarmarar. Vingen er linstoff som er frihåndsquilta.

Denne dama med høne og egg er godt plassert på ei vanningskanne, Ho er klar for å flytte ut på terrassen   og nyte vårsola. 

torsdag 24. mars 2011

Fotball eggevarmarar!!




Har strikka eggvarmarar i draktene til faborittlaga til guttane i familien.Tenkte det passa å sende med dei når dei skulle på guttatur til Oslo og heie fram NORGE  til seier over Danmark på lørdag.
 
Heia Norge ! Heia Bryne ! Heia Arsenal!!!!



onsdag 23. mars 2011

Kaffi og te

Har sydd bordskånarar inspirert av blomar som tildømes roser.

Her er den rosa varianten så her er det bare å sy i alle regnbuens fargar!!!

Her har eg fotografert roser og lete det bli motivet på kaffi- og tekanne trekket. Ein forsmak av våren og sommaren. Gleder meg til å ta koppen med ut i hagen og nyte sola og varmen, mens me venter på det kan vi nyte fargane og blomane inne :)

mandag 21. mars 2011

Vår på Jæren

Frøken Vår med gåsungar,hortensia og greiner til vinger!!

 Jamen er det godt med vår.


søndag 20. mars 2011

Dame/hageengel

Klar for våren og reiser til Florø til neste helg for å sjå korleis det går med våren der :)



Hageengler

Denne engelen er ca 75 cm lang, vingene er hagehansker med flotte rosemotiv.


Detajbilde av forkle og blomstrane


Strikkepose

 Dominostrikkekveld på tirsdag...... gler meg! Då skal me byrja på eit strikkeprosjekt med tema sommer. Eg har tenkt å strikke med inspirajon frå Jærstrendene. Har i den anledning sydd meg ein strikkepose til å ha strikketøyet i. Der eg har skrive ut ulike bilde frå stranda og sydd dei på strikkeposen saman med jærsongen Heim til Jæren. Har laga hol i posen slik at garnet kan komme ut sjølv om posen er lukka, praktisk når ein tar med seg strikket ut då veit me heile tida tid garnnøstene er :)


Posen er fora med sommerblomster stoff

Her ser ein baksida til posen og litt av garnet eg skal bruke!

lørdag 12. mars 2011

Pulsvarmarar

Har strikka pulsvarmarar på addi-express. Dei er strikka i Duett sandnes garn. Som er blanding med  55% bomull og 45% ull. Pulsvarmere er til salgs. Prisane er pluss evnt porto.

Dei brune her med rose på er prisen kr. 175,-  og dei gamal rosa med rullekant kr 140,-
Dei gammalrosa her med hjerte av knappar kr. 220,- De brune med blonder kr 175,-
Detaljbilde av hjertene som består av ulike knappar.

Her er det sydd på blondekant pluss sløyfe.


torsdag 10. mars 2011

Eggevarmarar

Vart inspirert til å lage desse eggevarmarane av bladet Strikke magasin Nr02/feb2011. Eg laga mine eigne varianter som passar til mine gule kuverbrikker no til våren. Kjem fleire etter kvart!!

tirsdag 1. mars 2011

Solo

Trygve har strikka seg lue. Den vart kjempe flott. Han har strikka den i ullgarn på pinne nr 6.