onsdag 25. mai 2016

Kurshelg hjå Merete.

Dette kurset var eg så heldig at eg fekk med meg. 


Vedlikehold av symaskinene er viktig . Denne helga var det både teori og praktisk oppgåver. Har tatt bilde  av noko, som eg kan dele med dokke.


I arbeid forsatt  litt igjen.....igrunnen fasinerande å sitje og studere dette medan symaskina syr:)


Sydd i skai. 


Klar til bruk. Flaskeholder.


Coaster eller bordskåner på gang. 
Desse er June frå Bernina sin design, men vi lærte og fekk designe kvar vår på kurset...... mykje lærdom, så no er det å setje det ut i livet......


Maskinbroderi med strikkegarn



Sydde to samtidig, in the hoop teknikk
der ein syr det på vannløyseleg stoff.


Undersida


Etter ei fantastisk flott og lærerik helg satte eg nasen mot Jæren igjen søndag ettermiddag. Ca 7 timer med syarbeid og strikk på toget.


Klem
Lilla dør

fredag 20. mai 2016

Endå meir strikke poser.....for salg


 Desse 3 fyrste strikkeposane her er med glidelås. Er ca 30 x 35 cm store. Passar perfekt til å ta med strikketøyet på tur sidan dei har glidelås.



 Lilla glidelås


 Turkis glidelås




 Ein litt enklare type som eg bruker mykje sjølv ,uten glidelås og greie til henge strikketøy i bilen, på  stolen etc når ein har med seg strikketøyet. Dette blå stoffet kom eg over i Tyskland har bare ein liten bit igjen av det :). 




Ulike strikkeposer og mapper for salg.  Viss nokon ynskjer poser etc ta kontakt:) enten på sms eller mail.

Ha ei kreativ helg.
Eg er så heldig at eg skal til Oslo på tur med symaskina mi....til Merete. Der skal Bernina ha helgekurs.....skal komme tilbake med meir bilde etter helga. Eg både gleder meg og gruar meg.......blir iallefall lærerikt og spennande.



Klem 
Lilla dør

torsdag 19. mai 2016

Fjærekunst


Rusle i fjæra og plukke skjell, stein og pinner er igrunnen avslappande og jillt......kan etterkvart lage noko kreativ eller ha det som pynt ....på bord i krukker etc. 


Blåskjella er veldig fine i fargen med dei ulike stripene 




Rekefjøl




Klem
Lilla dør

onsdag 18. mai 2016

Ankelsokkar? Fiskar?


 Har nett strikka meg eit par med ankelsokkar. Fann eit artig og lett mønster på Instragram . Hjå stakkeland73. Då eg hadde strikka dei og dei var klare for samansying i helen :) slo det meg at igrunnen såg dei ut som fiskar. Fekk til og med ein kommentar frå gubben om eg hadde strikka fiskar:). Vel og merke var vi på hytta med sitt maritime preg.


 Rødspette?


 Strikka dei av garnrestar. To typer ullgarn, eit grått og eit rosa frå restekorga mi.....


 Her samansydd i helen



 Greie til å ha i veska for å ha som "innesko"


Klem
Lilla dør

søndag 15. mai 2016

Marimekkofiskar



 Eg tok løparen ned i fjæra for fotografering.... fiskane kom i sitt rette miljø. Dette er ein løpar til spisebordet på hytta. Har sydd den av eit marimekko stoff....




Løper er 135 x 35 cm


 Litt fjærekunst



 Litt stoffrestar vart ein stor gryteklut eller veggdekor på kjøkkenveggen på hytta
Den er frihåndsquilta . Måler ca 26 X 68 cm.



 Når eg ikkje bruker den som løper inn i mellom kan det bli eit veggbilde på eit av soveromma. Hengde det opp ved å sy fire knappar på løperen og så laga eg nokre løkker av lintråd til å henge det opp med.



Ha ei goé pinse forsatt

Klem
Lilla dør

søndag 8. mai 2016

Sommarløper



 Løperen har vore nesten ferdig lenge. Eg hadde berre litt quilting igjen.


 Sist veke klare eg det og:)....... også fekk eg sydd på lukkekant. Det passa perfekt den vart ferdig til desse fine sommerdagene me har hatt på Jæren desse dagane med over 20 grader og sol!!!!!


 Ide og inspirasjon har eg henta frå boka Blått av Grete Gulliksen Moe og Ingrid Skaansar. Sommarløperen der:). Har brukt ein sommerblomst-stoffpakke . Eg trur eg i si tid kjøpte den hjå Kathrines Quiltestue.......trur eg.


 Ferske gode jordbær har me og hatt.





Ha ei kreativ veke. Kjekt når endå ein ufo er ferdig.
Her går det i maling ute... den fargerike terrassen min blir meir og meir kvit og grå. Igrunn veldig fornøyd med det. 

Klem
Lilla dør