fredag 27. juni 2014

Roser, jordbær og pakkar


Mitt fantastiske rosetre blomster igjen....... eg fekk dette treet for ca 20 år sidan av min far. Eg trur eg må seie det er tusenvis av roser på det. Det luktar godt og er iallefall 6  - 8 meter høgt/langt. Over naboen sin garasje:) 


 Eit syn spør du meg:)


 I slutten av juni er det to i familien som fyller år og då blir det masse presanger og jordbærkake.





nam nam


jordbærduken min


 Hageblomar


 Jordbærkake = fantastisk godt


Verdensbeste brownies (Ragnhilds spesial) med bringebær og jordbær.
Takk for alle kommentarar i dei siste blogginnlegga, det varmar.
Fortsatt goé sommar!

Klem Lilla dør

tirsdag 24. juni 2014

Pakka strikkekorga i god tid


 Snart ferie og då må eg vera sikker på at eg har nok håndarbeid med. For i år blir det ein del bilkjøring, Strikkeveska er det første eg pakkar. 
Det manglar ein arm på fanakofta. Den må eg få ferdig iløpet av tida vi kjører bil.


 Acnegenseren er eg godt på vei med. Perfekt bilstrikk:) er veldig fornøgd med fargane.


 Strikkebagen full med garn. Kan det bli bedre... Denne fekk eg sist eg kjøpte garn hjå min garnbutikk Anny på Bryne.


Mykje fint alpakkagarn.


 Litt reservegarn. Vist eg skulle bli ferdig med dei første prosjekta.


Bomullsgarn 2 nøster til Tove Fevang sitt kluteprosjekt i sommer. Ny kluteoppskrift kvar søndag.

Forsatt goé sommar!
Takk for god tilbakemeldinger.

klem
Lilla dør


mandag 23. juni 2014

Eg skal ha kurs på Vestlandstreffet i Florø 10. - 12. oktober:)



Me skal sy juletreteppe


Ellers tenkte eg at me kunne sy snømann på slutten av kurset for dei som har tid og lyst. Eg kan ta med materialpakkar til desse snømennene.


Sjølv om påmeldingsfristen er gått ut veit eg det er mulig å melde seg på forsatt, då det er ledige plasser. 

Ta kontakt direkte med Vestlandstreffet

Forstatt goé sommar!

Klem
Lilla dør

lørdag 21. juni 2014

Jordbærprosjekt




Jordbærteppet mitt



Eg sydde dessse mugrugane for fleire år sidan. Eit prosjekt me hadde som sommeravslutning på Quiltelaget trur eg:)
Mugrugane og jordbæra som heng på terrassen vart inspirasjon til eit jordbærslumreteppe. Eg har tatt ut symaskina inni mellom andre prosjekt. 


syrom på terrassen


 Jordbær
Fine i fargen og goé er dei


 Dei trivst godt på terrassen i den fine forsommeren me har hatt


Eg har plukka stoff frå syrommet.... kjempekjekt å bruke noko av lageret. Det blir nesten ekstra jillt.


Desse to jordbærkoppane må nesten bli følgesvenner til teppet. Tenk deg i gostolen i hagen med strikk og kaffi med teppe over knea ein sommerkveld eller to:)


 Har punktquilta  teppet og i tillegg sydd/quilta effekter i jordbæra. Brukte ulike farger på tråden og ulike sting for få ekstra liv i teppet/jordbæra i teppet.




Ha fin juni forsatt. 

Klem
Lilla dør

onsdag 11. juni 2014

Jæren - Sørlandet - Oslo - Jæren i helga som var



 Flyttetid og det private "flyttebyrået" er på plass :). Endt skulegang og avsluttningsfest på Sørlandet. Der nydelige markblomar pryda festbordet.
Før turen gjekk til Tigerstaden der leilighet stod klar til innflytting for studenten som er klar for Oslo til hausten. 


Bakgården


  Kaffi er alltid godt og nødvendig.


På returen frå Oslo til Jæren kjørte me over fjellet. Og så var eg så heldig å få med meg kofteutstillinga  På Vest-Telemark Museum.

Se meir om utstillingen her

Endå meir om den store koftejakta


Kofte/strikkejakke frå 1950 tallet


Slik kofte har faktisk eg....trur eg må finne den fram



Glimt frå  kofteutstillinga



Seljordkofta




Jølsterkofta


Ellers frå plantefarga fargeprøver på museumet.
Eg trur eg må finne fram mine frå husflidskuletida,  kanskje eg skulle ha prøvd meg igjen.


Stavkykje som stod på Eidsborg i Dalen i Telemark. Flott byggverk.




Over Suleskard var det forsatt høge brøytekantar.


Flott tur på tvers over Norge i den sørlege delen. Fantastisk flott land me har. Eg fekk igrunnen sommerferiestemning.
Takk for fin helg!

Ellers velkommen til ny følger på bloggen og kommentar det gir inspirasjon og glede.

Klem
Lilla dør

onsdag 4. juni 2014

Bier





Eg har sydd meg to små "vesker" til å ha ting og tang...... evnt sommersticheriet i. Kanskje strikkepinnar eller heklekroker :)))




Desse tre biene laga eg for ca ti år sidan. Dei har lege ute siden det. Eg fann dei då eg rydda langs gjerdet/leveggen i forbindelse med maling:). Har fiksa litt på dei. Eg tok den eine av dei med meg inn på syrommet når eg sydde desse små veskene. Nesten kopi:)


Valde eit frisk damestoff som forstoff.
Har sydd dei etter innfallsmetoden utan mønster. Vart til underveis.


Sol og sommerfargar på terrassen for tiden.




Spanske margarittar.


klem
Lilla dør