søndag 24. juli 2011

Vika








Vika sett frå sjøsida, tatt i frå båten.



Sjå den flott minne arket eg fekk av ein av tanteungane. Kjempeflott der ho har summert noko av det vi gjorde denne veka. Så den må eg nok henge opp på arbeidsrommet til inspirasjon i vinter.

Tusen takk  for flotte dager!

Flotte velbrukte kjøkkenmøbler


 Eg forelska meg heilt i desse gamle møblene eg såg på Vika. Er ikkje dei flotte. Legg merke til dei fine og duse fargane kald turisblå og lys grønne toner gjekk det i.



 Er den ikkje tøff... kven huska ikkje dei frå seksti- og sytti tallet. Knall tøff! Skulle gjerne hatt nokre av dei.
Ein av tanteungane hadde plukka ein flott buketten med markblomar som stod på hagebordet då me kom. Kjempe flott.  Kaffien smakte godt rundt dette bordet om morgonen medan vi venta på alle skullle verte ferdig med morgonbadet  i sjøen.

lørdag 23. juli 2011

Sommardagar på Vika



 Har hatt nokre fantastiske dager i Florø og på feriestaden til broren og svigerrinna mi. Eit eldre nedlagt gardsbruk som dei har pussa opp. Her frå  eit av soveromma.

 Her på vollen ned mot sjøen...

 Mamma serverte oss fleire gonger fantastiske pannekaker. Til stor gled for små og store! Enten dei vart serverte ute som her nede ved sjøen eller inne rundt kjøkkenbordet. Sjølvsagt høyrer det til å ha sukker på. Må bare smakast - verdens beste. Kan anbefalast :)

 Late dager ved sjøkanten.
 Her er ein gamal gryteklut som hang på Vika. Eg prøvde å hekle den av. Den vart turkis pga mangel på kvitt garn.


Då det regna ute var det koselege hobbyaktiviteter inne. Mellom anna har tanteungane mine lært å hekle. Er dei ikkje flinke!!! Eg er stolt av dei. Ho på ti hekla seg ugle og den andre mobilhus til mobilen.
 Eg byrja på sommarteppe i bestemorsruter i Søstrene Grene-garnet mitt. Men dette blir eit langtidsprosjekt.

Ellers vart det strikka ein del og byrja på ulike kluter. Her er det den yngste jenta mi som har strikka seg klut i perlestrikk. Kjempeflott, kanskje blir det håndkle. 

onsdag 13. juli 2011

Eit glimt frå syrommet!


 Her er det litt å ta fatt i ....Gler meg! Har mange planer. Så heldig eg er, blir aldri arbeidsledig. Men fyrst blir det sommerferie saman med min kjære familie.

tirsdag 12. juli 2011

Nytt garn


 Igår var eg tur innom Ullrommet hjå Ingeborg. Ho heldt på spinne nytt garn, Sjå bloggen hennar; ullrommet-ingeborg.blogspot,com.  Eg måtte ha med meg ein bunt. Det blir ny lue til gubben.  Har allrede byrja så den er nok ferdig når me kjem fram til Florø på fredag. Eit flott bilstrikk! Var det ikkje eit fantastisk garn ifrå Leichester-sau . Sjå den flott sjatteringen i fargen og mjukt og godt!!!!! 

mandag 11. juli 2011

Fellesprosjekt med nokre venninner!!!


 Blue Bird Quilts Bom. Retro nine patch. Ligg som free bom på nettet. Me var tre venniner som starta opp dette ilag i januar. Eit nyt broderimønster kom på nett kvar månad. Eg må bekjennelse at eg held på å brodere min fyrste. Plutseleg fekk eg melding om at dei to andre held på å sy saman toppen på duken/teppe ...og dei lurte på korleis eg låg an. Her ser dokke tilstanden. Men det heiter bedre seint enn aldri. Kjem nok sterkt tilbake. Ha ein god dag!


søndag 10. juli 2011

Sommerhals

Har sydd meg nytt skjerf/ hals idag.  Klar til ferien. Har sydd det i lyslilla bomullsvoile i soft finish. 

Det går an å ha det to eller tre gonger rundt halsen! 


Eg kan ta imot bestillinger. Levering etter ferien. Eg kan legge flerie etter kvart. Kanskje blir det meir haustlege fargar og:)

 
Sjølvsagt merka med lillador. Det høyre til.

Hjerteteppe


 Held på å sy eit sengeteppe/slumreteppe i rødt og svart. Held på me dei siste seks rutene. Deretter er det bare å reinskjere dei og sy det saman.  Dette er eit av prosjekta som ligge på sybordet.....gler meg til gjere det ferdig.  Skal legge det på bloggen når det er klart. Vurderer å sende det inn til longarm quilting. Har ikkje prøvd det men det frista. Kanskje, kanskje ikkje.

lørdag 9. juli 2011

Kjøkkenhåndduk


 Kan motstå alt unntatt fristelser...Det kan igrunnen passe på meg ofte. Idag vart eg frista av denne flotte paiforma i uregelmessig hjerteform.
 Denne kjøkken hånduken har eg sydd av ubleika lin og maskinbrdert tekst og motiv. Opphenget er i hamp slik at den får eit røfft utrykk.
Her ligg den over olivenbrødet .

Turist i eigen by:)

By tur til Stavanger;  Sola var framme innimellom regnbyene. Fekk kjøpt oss kaffi i Den Fargerike Gaten og var innom nokre få butikker som Oliviers & Co i Breigt.  Der kjøpte me oss olivenbrød, olivenoljer av ulike typer, Mango fruity condiment ( smakte kjempe godt på jordbær) og urtesalt. Så no rekna eg meg gubben laga noko kjempe godt til kvelds. Noko han er kjempe goe til....gler me.
Eg må bare seie at eg handla verken tråd eller stoff. (Sjå tidlegere innlegg om ulike prosjekt på gang.)


 Lunsjen hadde me på R/M (Renaa Matbaren) med god eplesaft til.
 Kan anbefalast.!!!




 Jordbær hadde me og med heim frå Torget i Stavanger.  
Hjerteforma frå Bruka design med jordbær glei rett inn på kjøkkenbordet opp på jordbærduken eg sydde i fjor. Inspiret av Annka mønster  men med min egen vri.

fredag 8. juli 2011

Rose


 For nærmere tjue år sidan fekk eg ein rosebusk av far min. Sjå så flott den er. Kjempe stor, dekker heile garasjeveggen til naboen og bosskuret vårt. Sikkert seks meter i både høgde og bredde. Har klypt den ned fleire gonger sidan den blomster så rikt at greinene knekk.



Akkurt no er blomstringa på topp. Tusenvis av blomar og den lukter godt. Er kjempeglad og stolt av den. I si tid var treet kjøpt på eit lite planteutsalg utforbi Florø og faren min hadde den med til meg på Jæren. Hadde då ikkje tanker at den skulle bli så stor og flott.....

torsdag 7. juli 2011

Korga mi!


 Har kjøpt meg ny korg i vår. Eg har over lengre tid fått utalige hint og blitt små-mobba for mange korger rundt om i huset.  Så då eg kom over denne, såg eg redningen. Ei kjempekorg ca 65cm i diameter og ca 70 cm høg, ho rommer litt......... Så no kan eg putte fleire korger opp i denne. Min filosofi er jo at då har eg bare ei elller iallefall færre korger:)))))


 Eg dukka ned i ho idag og ville sjå kva strikkearbeid eg hadde på gang. Det såg ut som eg trivst med å byrja på nye prosjekt. Her er det fann i korga


 Lubbar som eg har strikka på maskin klar for å sy saman.


 Sokkar strikka i garn eg kjøpte på Ullrommet. Raggsokkgarn 90 % mohair og 10 % ull. Sjå den flotte fargen.


 Trekant sjal snart ferdig strikka i fabel. Stripene kjem av seg sjølv.


 Jakke til meg i Tvinni, så det tar nok si tid:)


 Dominoprosjektet Sommerteppe inspiret frå stranda. Kjempe kjekt å strikke.


 Endå eit dominoprosjekt i Angora -Tweed. Det vil seia 30% angorga og 70% merinowool. Noko garn eg fann på salg, nok til barneteppe.


Lue i flette strikk. Strikka i dobbel alpakka.
Som dokke ser blir eg ikkje arbeidsledig denne sommaren heller..... Tar nok noko av det med meg på ferien.  Må jo ha strikk når med kjører på biltur.  Kanskje kan eg vise noko av det ferdig om ikkje så lenge viss eg ikkje byrjar på nye prosjekt:))))

onsdag 6. juli 2011

Linservietter


 Sist helg hadde me bryllaup. Til det hadde eg sydd nærare hundre servietter. Motivet var eit enkelt hjarte i vårgrøn farge.

 I tillegg vart det to håndkle med dato og namnet på brudefolket.....