søndag 30. september 2012

Søndagsettermiddagsstemning


 Jillt å kunne dekke eit haustinspirert kaffibord. Med mange gode gjester rundt bordet:)


 Litt sydde haustblad og nokre rett frå hagen. 



 Sjå dei fantastisk flotte fargane.




Eplekake og kanel/eplebollar. Kva kan passe bedre til søndagskaffien ein regnfull haust dag? Då gjelder det å tenne lys og nyte det gode inneveret.




Klem Lilladør!

lørdag 29. september 2012

Pasta i nye varianter


 Vart litt fasinert over desse flotte pasta hjertene.


 Eller dessse krøllete spagettiane.


Har testa ut hjertepastaen. Den gjorde iallefall lykke i kyllingsalat!

Litt kjekt å kjøpe med seg slik når ein er ute og reiser.

Klem 
Lilla dør

fredag 28. september 2012

New York


Sist veke hadde eg ei fantastisk flott veke i New York....med mykje påfyll og inspirasjon. Haddde gleda meg til turen men at det var så fantastisk hadde eg ikkje trudd. Det var 26 år sidan sist. Truleg blir det ikkje så lenge til neste tur:) 


Nye World Trade Center under bygging.


Flatiron Building - stilig!

The City Quilter var ei oppleving i seg sjølv....brukte litt tid der. I tillegg var det The Artquilt  Gallery utstilling i naborommet.  Og i eit anna rom var det Quiltekurs.  Gubben var veldig tålmodig. Han fann seg ein Starbucks med fritt internett:) 


Meter på meter med stoff til ca 60 kr meteren.

The yarn Company som låg på Broadway på Upper West side.  Ein butikk med utsalg av garn og mønster. Mykje ekslusivt garn og ein del eigenprodusert/farga garn. Snopa litt her og. Mønster og garnpakker. Kjem nok fram litt meir etterkvart som eg byrjar på prosjekta.


 The Purl Bee eller Purl Soho som butikken vart kalla. Den låg i Broome Street. Ein fantastsik flott og lekker butikk der det var både stoff og garn. Mykje modellar og idear. Må bare opplevast :) Eg fekk eit godt tips om den hjå Tilonino


Litt opp i handleposen vart det og her:)


 Fekk nesten kink i naken når du skulle sjå på  den blå fine himmelen vi var heldig å ha heile veka. 


Vi var og innom The Garment District.


 Har var det spesialforretningar til det meste. Her nokre glimt frå båndbutikken Shindo. Hylle på hylle. Eit ufattelige utvalg av både typer og fargerskala.



Empire State Building.

 Det kjem nok meir etterkvart som prosjekta dukkar opp. 
Gler meg til neste tur!
Sjølv om eg ikkje har planer om det ennå.  Men det blir nok ein tur til. 

Klem Lilla dør.

torsdag 27. september 2012

Bok nr to


 Igår kom bok nr to i posten....... om første halvår 2012 .


Sjølv om eg har bloggen på nettet  er det i grunn artig å ha den i papir utgåve og.
Takk for alle kommentarer,  alltid like jillt.
Ha ein goè ettermiddag.

klem 
Lilla dør

fredag 21. september 2012

Ugleteppe



 Ugleteppet mitt er no heilt ferdig. Har sydd det i lin. I tilegg til appliksjoner har eg brukt tekstilmaling. Pga linen får det er litt røfft preg. Det er ikkje noko for dei som vil ha alt glatt :) . Eg liker det litt røffe /antikke utrykket.


 Bakstykket og lukkekanten.



 Var veldig jillt å kombinene maling og applikasjon med stoppefoten.



 Det var ikkje enkelt fotografere det ute inni mellom regnbygene og kaste vinden. Men eg synest fargane blir så mykje betre ute. Så eg prøvde meg:)



Klem
Lilla dør og uglene.

onsdag 19. september 2012

Skappelgenseren heilt ferdig


 Endelig fått montert den ferdig...klar til bruk. Mjuk og goé. Og i ein fantastisk flott farge. Akkurat lik farge som Lilla dør si dør:)))



 Eg valgt ei gråblå vrangbord på armane.



Litt meit lilla........... Røsslyng og pyntekål.


Takk for alle kommentarer og ha goé kvelden vidare.
Klem
Lilla Dør

mandag 17. september 2012

Florøtur og kurshelg


 Har hatt ein flott tur til Florø. Inspirerande kurshelg med mange ivrige og goè damer. For å sjå kva me sydde kan du sjå under etiketter til høgre på bloggen, under  Kurs florø hausten 2012. (Kjem til legge ut resten seinare i veka.)

 Desse tre fyrste bilda her er tatt på tunet til mamma i ettermiddag:). Florø er og blir ein flott plass.



 Bjørnebær



 Eg kan jo ikkje vere i byen uten å være innom kaffibaren og kjøpe Snickerskaffi. Denne kaffien drikk eg bare når eg er heime i Florø. Blitt eit must då. Så idag vart det to kafebesøk på meg. Godt utnytta fridag:)


 I sist veke opna det ein nye liten koseleg kafe i Florø. Den har fått gode omtale så den måtte jo me bare prøve. Dagens lunsj åt me der. Kan anbefalast.


 Ingen ting seia på utsikten ned mot havna. Minnest då far min hadde verkstad der i det kvite huset til høgre i bildet;). Pappa var sadelmaker og møbeltapetserar der.


Ikkje på tur uten strikk. Her er helgas flystrikk, pulsvarmar. Har fått byrja på pulsvarmer nummer to!

Takk for jille kurshelg og fin Florøtur.

Klem 
Lilla dør