onsdag 31. august 2016

Nupereller........ må bare kjøpe dei når eg kjem over dei til gi - bort pris:)...



 Når eg kjem over slike skattar må eg bare kjøpe dei.  Desse kom eg over sist eg var innom ein Fretex butikk... Pris kr 39,- pr stk. Tenk på arbeidet som ligg bak kvar brikke og tenk så få som kan denne handarbeidsteknikken. Eg har vel ein samlemani på dette:) Så her vart det eit kupp!!!!....igjen. Eg kjøpte langt frå alle denne gongen (angrar no)


Dette flotte fatet frå Figgjo stod der og



 Sjå kor fine dei er!


 Litt uvant med grønnmelert, men kult. Gamalt og nytt på bordet i stova no.




Klar for fleire :)

Klem
Lilla dør

mandag 29. august 2016

Sommerens hemmelige strikk


 Sommarens hemmelege strikkeprosjekt kunne leverast i helga. Ein av prinsane mine fylte år.:) Eg trur den falt i smak og ikkje minst at eg traff størrelsen. Til ein ivrig friluftsgutt passa det med ein lett alpakka/merinoull genser, varm og go´e. Eg brukte kjærlighetsgenseroppskrifta til Skappel i utgangspunket, men med min eigen vri. 
Har strikka mange av desse genserane etterkvart;
den fyrste
den andre
den tredje
blir nok fleire i ein eller annan form :)



 I staden for å strikke hals på genseren strikka eg laus hals som har fleire bruksområde som buff, dobbeltlue og sjølvsagt som varme og goé hals. 


Vanntett innpakning :) klar for neste tur enten til fjells eller på sjøen.


asfalt grafitti i inngangen :)

Klem
Stolt mor

torsdag 25. august 2016

Maritime gleder


 Helga 24. og 25. september skal eg ha kurs i Florø. 
Det nærmar seg påmelding.
sjå her for meir informasjon og påmelding



Det ligg litt inspirasjon og ideer til kva vi skal sy på bloggen.
 Sjå under etiketter Maritime gleder kurs Florø hausten 2016 i margen til høgre her på bloggen. Det kjem meir etterkvart.
 Sjå ellers under bloggen til Florø Husflidslag og annonse i Firdaposten i dag.

Klem
Lilla dør

mandag 1. august 2016

Seilas på bordet


I fjæra fin ein mykje jillt..... inspirasjon til leik.  Det vart nokre seilbåter ut av det.
 Pynt på sommarbordet på hytta.:)





Blåskjellbåt med fullt segl 



Her har eg brukt linstoff til segl







Sommarhelsing 
Lilla dør