tirsdag 29. oktober 2013

Blåbærmuffins på ein søndag eller ein tirsdag.



 Eg har baka blåbærmuffins av samme oppskrift som eg brukte på eplemuffinsane. Oppskrift her.


Nesten i det nostalgiske hjørnet.


 Blått er kult, men skjeldan brukt hjå meg. 


Dei blå muffinsformene er med blåbær og dei gylne eple.  Eg er veldig fornøyd med desse pappmufinsformen som fungerer kjempe godt. Dei eg har brukt her er av merket "House doctor". Du får kjøpt dei mellom anna på Ting. 

God ettermiddag med eller utan muffins.

Klem
Lilla dør

mandag 28. oktober 2013

Haustlauv som pynt


Ja alt som kan tas til heder og ære:) Løv frå hagen pluss kanstanjenøtter frå Stuttgart.
Fin fargemiks iallefall.


 Reinsdyret eller hjorten min frå London i fjor fann eg ut passa godt oppi det heile.


nesten i sitt rette miljø


 Håper min ide kan inspirer til litt annleis haustpynt. Ein finn mykje fint ute til å pynte med no.


Goé mandagskveld!

Klem 
lilla dør

søndag 27. oktober 2013

Noko er ferdig og samtidig er noko nytt på gang:)


I ettermiddag har eg halde på med å feste tråder på bildeveven eg klipte ned her for nokre veker sidan:).  Kjedelig arbeid...... men må gjerast.



Samtidig som eg fester tråder, planlegg eg den nye bildedveven.
 Eg har lånt med meg eit bilde av eit gamalt julekort frå 1946 av Ingrid Vinningland som eg går og vever hjå..  Me er ein gjeng som møtest nokre gonger pr semester. Me har det kjempejillt saman med mykje lått og løye.
Mi gruppe blir kalla "dei galne" eg kan ikkje heilt forstå det:-)


Eg har tenkt å veve fire av desse skjønne ungane. Titelen på veven blir "Ungane mine" :) Har ikkje problem å plukke ut mine "godassar"


Eit utsnitt av blomsterhagen min.


Takk for alle kommentar til dei siste innlegga. Og velkommen til nye følgere.
Goé kreativ veke og ha ein fin søndagskveld!

Klem 
Lilla dør

lørdag 26. oktober 2013

Reste-hals:)


Av garnrestane etter fanagenseren, se her, har eg strikka ein hals. 


Tenkte det kunne varme ein student på ein sur haust- og/eller vinterdag.


Kan brukast både som hals og som hals/hette.


Strikka den på strikkemaskina. La opp ca 90 masker, maskespenning på ti og strikka ca 125cm, før eg hefta dei saman også på strikke maskina. 


Goé lørdagsettermiddag ..... eg har tenkt å strikke litt på strikkemaskina. Har byrja tenke på julepresanger

Klem
Lilla dør

fredag 25. oktober 2013

Fredagssnopet mitt


 Min snopepose til helga, kan det bli bedre? Sjå dei flotte fargane og det nydelige garnet.


 Garnhjarte.


God strikkefornøyelse, hilsen Den Blaa Dør i Kristiansand. Planen er å strikkke ei kirsebærlue. Foreløpig er det pynt :) på eit av borda i stova. Noen kaller det rot og andre pynt.


 Litt vinterfarger nesten på salongbordet akkurat no same farge som nytt strikk (etter sist helg) inspiret av Bente Geil. Det blir nok ein julepresang. Strikka i Geilsk Tynd Uld.



 Fått meg roser til helga av gubben,
nydelige farger. Då eg hadde dei oppi ein lilla glasvase vart det endå meir fargespel = likar :))


Ha ein fine fredagskveld.
Tusen takk for alle kommentarane eg fekk i sist blogginnlegg. Det varma.  Og velkommen til nye følgarar.

Klem 
Lilla dør

onsdag 23. oktober 2013

Endelig ferdig!



Genseren er strikka i 100% merinoull. Fanakoftemønster med rundsal. Er veldig fornøgd med fargevalget offwhite og melert gult. Genseren er strikka i Abuelita 4-tråds handdyed garn. Kjøpt på Pickles. se her




Liker  å legge ved garnrestar til vedlikehold. Likedan merkelappen til garnet, slik dei veit korleis dei skal behandle og vaske plagget.


Tok bildene ute på ein blåsbortdag med regn i lufta. Eg synest det blir bedre bilde og fargane kjem bedre fram når eg fotograferer ute. Og siden eg skal levere den hadde eg ikkje tid og vente på bedre ver.  Genseren var igrunn i sitt rett miljø ute no på sur haustdag og fargane på haustlauva glei rett inn. 


Gult  er kult


Klar til og sendast til Sørlandet. Eg skulle hatt den med i august/september då eg var ein tur ned der :) men men no er den klar.

Ha fine veke forsatt.

Klem 
Lilla dør

søndag 20. oktober 2013

Gult er kult :)


 Den gule Kählervasen med kornellgreiner frå hagen lyser godt opp i gangen min for tida. Fin fargemiks spør du meg. Haustfargane er både varme og fine:)


 Puffen frå Ikea har eg strikka trekk til på strikkemaskina mi for ei tid tilbake.
Ha ei goé og kreativ veke.
Takk for livstegn og kommemtarar eg får på bloggen  Kvar og ein av dei varmar.

Klem
Lilla dør

lørdag 19. oktober 2013

Workshop med Bente Geil


I dag har eg vore på to strikkeworkshoper på Frida Hansens-huset i Stavanger. Det var Bente Geil som hadde workshopane. Den fyrste i var om patentløsninger og den andre var om faldteknikker. Kjempe bra!!!  Lærte mykje og var saman med mange andre ivrige strikkarar.
Dei to neste prøvelappane er Bente Geil sine men eg har prøvd meg på dei eg og:) skal nok få det til........kanskje det kan bli pulsvarmere.




 Kom heim med nokre prøvelapper og tre kompendium frå Geilsk design dk. Klar til å prøve ut nye teknikker. Fantastiske muligheter :)




 Kjøpte med meg nokre fargekart. Slik at fristelsen kan bli endå større:) Fantastisk flott garn. Fekk prøvd å strikke med det i dag. Og så har eg nokre buntar liggane frå i sommar då eg var i Danmark.


 Forsatt god helg og lørdagskveld!
Fyrst er det middag og deretter sofaen med strikketøyet.
Har hatt endå ein fantastisk lørdag.......

Klem 
Lilla dør


fredag 11. oktober 2013

Rowanhals


 Hals og pulsvarmere er klare for hausten.


 Har nett strikka ferdig ny hals til meg sjølv. I Rowan garnet Drift (100% merinoull) og på pinner nr 12.
Lik denne halsen  eg strikka i 2012  se her


 Har leika meg litt med fotograferinga. Likte godt fargane rødt, lilla og gule høstnyanser:)





Ha ei fin fredagskveld.

Klem
Lilla dør