fredag 27. juli 2012

Frukt og snopespyd



 Broderen med familie og me var invitert på middag i Bergen til mi kjære svigerdatter og sønn.  Etter ein fantastisk middag fekk me servert dessert.  Om det var dei vaksne eller ungane som likte det best veit eg ikkje. Eg trur det smakte for alle:))  Eg var imponert over måten den var tillaga på.  


Ein tom valnøttboks var dekorert med decorlimband. Fylt med ris og bølgepapp. Slik at det vart både stødig og tungt. Deretter tredde ho frukt og blåbær på pinne saman med eit gelehjerte og skumsnop på toppen.  

 

Fryd for munn og auge.... 



 Fantastisk!


 Eit litt sunnere alternativ...men fortsatt kjempe kreativt. Blåbær på lyng til sjølvplukk:)))  Som det står på glasset 45% blåbær  så då  må jo resten vera lyng:)
dei smakte godt  og det var gildt med sjølvplukk.

Takk for at eg fekk dele ideane dine Ingri! Du er kjempekreativ og flink.

Klem 

torsdag 26. juli 2012

Snartur til Bergen.

Frå tirsdag ettermiddag til onsdag hadde me ein snartur til Bergen. Kjempetur, med mykje kreativ innspirasjon. Nydeleg ver var det og som ekstra bonus:))). Tid til shopping. Mellom annna måtte eg innom nokre fast inspirasjonskjelder som kan anbefalast viss du er innom Bergen. På Bryggen ligg Røst.  Som dei seier i reklamen sin: "Design møter natur" er viktige stikkord for dei. 


Du finn funksjonelle og tidsrette interiørartiklar og designprodukter, klede etc etc.


 Og så må eg jo innom Quiltekroken. :)) Mange fine stoff, idear og mønster. 


 Torget, med mykje godt å smake på. Morellene smakte kjempegodt m.a.


Tirsdag kveld var det Bruce Springsteen konsert som var  ei  kjempeoppleving.  "Kan ei forklarast, bare opplevast: Å stå og høyre og sjå han spele og synge i 3,5 timer utan pause, fantastisk.
Kjekt med sommar og feriedager!

Klem Lilla dør

onsdag 25. juli 2012

Litt strikk og anna håndarbeid i ferien


Mummi mug rugane mine, snart ferdig brodert, kjekt sommararbeid:)


 Mammas mug rug:)


 Nokre gamle grytekluter som hang på kjøkkenet hjå mamma. Eg tenkte eg skulle prøve å hekle dei.


 Linrose i sanden.


 Kjekt med enkelt strikk...enten eg var i bilen eller på tur i havgapet, på besøk etc. Så jakka mi nærmar seg ferdig. Eg ser fram til det:)


Klem Lila dør

mandag 23. juli 2012

Glimt frå Florøturen sommaren 2012


Det har vorte lite blogging dei siste vekene pga ferie. Men her er eit lite livstegn igjen. 


Vika 


 Tanteungane mine hadde laga fantastisk flotte bollar til vi kom, servert ute på grasvollen. Kjente bare den gode sommerfølelsen kom....



 Mollas sviske og fruktkompott.



Glimt frå Nyttingneset der er ferierte som lita jente. 



Her frå der hav og sjø møtes:))) heilt ute i havgapet. Var ein tur i Rognaldsvågen ein kveld på Bacalaofest.  



Også var vi tur på Barekstad. Ei vennine hadde fått seg eit ferieparadis der.



 Litt strikking idet fri. Her ser ein frå Barekstad mot Kinn og Kinnaklova.


Stemning frå Vika



 Laksefiske ei sein kveld det var litt duskregn...Fin tur, sjølv om fisken ikkje ville bite. 



Hjå mamma på pannekake fest. Det var ikkje få kaker ho laga denne veka. Omsetning vart det.


Ville jordbær...høyrer sommaren til!


Ha fin juli forsatt.

Klem
Lilla dør

fredag 6. juli 2012

Fransk inspirert

 
I sist innlegg gløymde eg å legge inn bilde av den nye veska/mappa mi . Her er ho oppi nye korga mi. Korga kjøpte eg på ein lokal matbutikk. For 8€ !!! Den er i bruk når me handler brød og slikt. Den er nok beregna til det. For eg som mellom anna er hekta på korger var det eit lite kupp igjen!!!

Ellers blir det litt handarbeid inni mellom. Me nyt solrike dager.

Ellers prøver eg eit nyt program igjen når eg no blogger frå iPad. Denne gangen bruker eg Blogsy. Sist var det Blogger.

Klem lilla dør.

Ha fortsatt fine sommerdager.

Liten helsing til dei heime hjå meg ......husk blomane mine :) dokke er go'e . Mamma klem

 

onsdag 4. juli 2012

Feriedager

Ein liten hilsen frå Fankrike og ein test på om eg får til å blogge frå iPad. Vi nyt dagane og strandlivet. Har heklearbeid med på stranda. Mange les men eg synest å hekle er kjekkare:). Kan bli vant med dette livet. I går leigde me solstola der det følgde med calling-knapp viss vi trengt noko frå kafeen..... Har man ferie så har man ferie. Tenk å få servert cappoccino og kaldt vant ved strandstolen :). Litt shopping......fekk meg ei lita veske/mappe til ting og tang. I flott Provecemotiv og farger......fargerikt

søndag 1. juli 2012

Jordbær og ferietid


 Herleg å kunne senke skuldrene og gjere nesten bare det ein vil. Go´e tid til å nyte dagane og tida:) Som her med sommarte i min nye tekopp/skål frå Egersund keramikk. 


 Ferie broderiet er pakka i eigen liten koffert. 





 Jordbærduken er tatt fram. I tillegg fått gjort ferdig bordskånarane som har blitt liggande på syrommet, mangla bare små ting igjen på dei...men no er dei ferdig. Mønster på jordbærduken meiner eg er Hanna Asplin Firman sitt iallefall utgangspunktet og ideern.










Er det ikkje flott hjerte den yngste jenta mi har laga av paljettar?
  

Klem lilla dør