torsdag 26. april 2012

Den gule brisken er blitt antikkvit...


Den knallgule brisken har fått ny farge....forandring fryder heiter det vist.  Når brisken vart lys....... måtte putene også få nytt trekk. Det trong dei og...sola hadde gjordt sitt på dei lilla putene. Så no er det fram med linen frå Ikea. Gildt at Ikea hadde salg på stoffet i vinter, no trong eg nokre meter:)


 Den nye benken tar form...kanskje klarer eg å sy dei siste puten før helga.....Skal iallefall ha dei klar til mai. Gildt no når me er byrja leve eit liv på terrassen igjen....Kaffien smaker ekstra godt der ute.




Jippi det er vår!!!!!!! og  snart sommar:)))


Ha ei flott helg.
Klem Lilla dør.

onsdag 25. april 2012

Strikka krukkermansjett


Har strikka to mansjettar på strikkemaskina til denne lilla krukka. Krukka er av merket "tine k home", den finnes i ulike størrelser. Mansjettane er strikka i lin. Ein i rettstrikk med lyse striper  og den andre med åttebladroser.



 På den eine har eg hekla ein tungekant oppe på mansjetten.


 Desse kan bli kjekke å ha ute på hagebordet og, når den tida kjem:)) om ikkje alt for lenge.


Glimt frå sofabordet mitt idag. Kjekt når ein kan nyte sommerblomane inn og. Her er det tusenfryd som pyntar opp bordet mitt.

Klem lilla dør


tirsdag 24. april 2012

Klubb hjå Sabrina


Igår hadde dokkeklubben samling hjå Sabrina. Dokkeklubben lager ikkje så mykje dokker lenger men er ganske allsidig. Dei siste gongene har den vi er hjå hatt ansvar for aktiviteteten.  Alltid like spennande og gildt. Sjå det fargerike og flotte bordet vi vart møtt med igår.  Kveldens aktivitetet var å lage lyslykter av syltetøysglass.






 Flotte engler ho hadde sittande på stettfat saman med lys og fuglar.





 Sjå det fargerike frukt fatet.


 Utstyr til kveldens aktivitetet



Mine


Kveldens produksjon fra klubben


 Eg har allerede fått mine ut i hagen...ventar på bedre tider. Sol og varme. 


 Takk for gilde kveld!


Klem lilla dør.

No er eg klar for sykveld på syrommet, truseposeproduksjon i kveld.

Hekla teppe


 Kva med hekla teppe under salongbordet?


Velkommen til nye lesarar og sjølvsagt dei som bruker ta turen innom bloggen.

Klem lilladør!

mandag 23. april 2012

Lilla tulipan


 Kjekt når me kan plukke inn blomster frå hagen ....var gjerne litt kjipe her med bare ein.......men den eine var iallefall beundra og matcha godt til resten av pådekkinga til søndagsmiddagen igår. Lilla er jo faborittfargen :) Desse glasa og bestikket er sommerminner frå ein tur familien hadde til Frankrike. På slike turar liker eg godt å sjå rundt på interiørbutikker. Noko eg er heldig å dele med fleire andre i familien.



Ha ei fine veke......... det er snart helg igjen.

klem
Lilla dør

søndag 22. april 2012

Jærske puter


Bloggen Fabelaktig, www.fabelaktive.com/2012/04/utfordring-pute.html, har ein utfordring om å vise ei favorittpute. Dette er mitt bidrag. Ei jærsk pute. Motiva er henta frå Borestranda. Eg har tatt bildene sjølv og printa dei ut på stoff, for så å sy dei på grov lin som eg kjøpte sist sommar i Stockholm.  Nydelig lin med grov struktur. Eg synest linen passa godt til motiva. Får lyst på strandtur med ein gong. Foreløpig er puta i ein stol inne men eg ser føre meg at det blir greie sommerputer ute og.....bare sommeren og varmen kjem.



Detaljer frå puta, her har jarekanten på stoffet blitt lukkekanten på puta. Eg lukka puta med trykkknappar og med to hjerteknappar til pynt.  Sjølvsagt med lilador.blogspot.com merke på.



Mens eg var i gang med putesying, sydde eg like godt ei til.  Kva er meir typisk Jæren enn steingard. Dette motivet er henta frå Grødem i Time. Bildet av putene tok eg ute i hagen...bedre lysforhold ute.


Detaljer frå steingardputa. Rundt bildet har eg ein tynn blå saum. Her er knappvalget blitt kyr. Til ære for Jæren det og:)))



Jæren

Takk for du var innom bloggen. Takk for alle kommentarer alltid like gildt å få.  

Klem 
Liladør

lørdag 21. april 2012

Sjølvspunne garn


Endeleg er eg ferdig med å strikke og montere trekket til den gamle Ikea-puffen. Puffen glei rett inn i miljøet med mohairgeitaskinnet og uglelampa mi.  Her kan eg innta plassen med ei god bok eller håndarbeid.




Strikka perlestrikk på toppen og rett langs sidene.


Garnet eg brukte har eg kara og spunne sjølv då eg gjekk på husflidsskulen. Det er 2 tråds spellsau. Må vel seia at det er det me kalllar effektgarn......blir fin struktur i strikket då :) 


Det gjekk med fire slike hespe til prosjektet.





Klem Lilladør

Yes endå eit kafebesøk....


 God start på laurdagen dette...kan nesten bli ein tradisjon.  Godt lag og drøs rundt ein kaffikopp og litt handel etter på. Makronane smakt kjempe godt....kan anbefalast. Einast er at eg synest dei er dyre så dei må nytast i lange drag:)))))


Hjertecappucino 


Stavanger sentrum. 

Ha fin laurdag vidare !
Klem Lilla dør

fredag 20. april 2012

Fredagsstemning


Klar for helg og fredagskveld.  Har funne fram strikketøyet og venter på middag....kan det bli bedre:))))


Held forsatt på med å dukka ned i strikkekorga mi ...har ei ri no med å gjere ferdig ting. Dette skal bli ei  jakke, byrja med halsen og strikker ned over.....sjå den fine fargen:)


Denne brikka har mamma sydd for lenge sidan. Eg har hatt den i tølene mine så lenge eg kan huske, men gildt å ta fram igjen......typisk vår/sommerbrikke.


God fredagsklem!

Takk for du tok turen innom lilla dør.