torsdag 28. februar 2013

Rose-bordskåner


 Bordskånerne mine i friske vårfarger. Inspirerte av roser/blomster.






Baksida:)


Klem 
Lilladør

onsdag 27. februar 2013

Oppussingsprosjekt



 Klar til male :)
Gubben er malermester her i huset:) 


Kva farge skal me velge? Mykje fint og tøfft å velge mellom. Men det blir nok ikkje årets farge som er lilla. Sjølv om det er min favorittfarge. 
Valget var i grunnen enkelt. Det vart eggekvit. Men har planer om ta inn ein lys farge til, evnt. male ein kommode/nattbord i ein fin lys grøn/blå farge.

Goé veke forsatt.
Takk for at du såg innom bloggen og tusen takk for alle kommentarer. Det varmar alltid.

Klem 
Lilla dør

tirsdag 26. februar 2013

Viktig med påfyll og inspirasjon :)


 Se kor heldig eg var her i helga........... fekk meg ein fantastisk flott rosebukett. Takk til giver. 


 Kjøpte meg nytt blad M by M. Mykje flotte oppskrifter i strikk og hekling. Noko for ein kvar smak. I tillegg oversikt og reklame for ny bøker........ litt meir fristelser. Bare det ikkje blir som ordtaket; eg kan motstå alt untatt fristelser :).  


Ellers ligg det tre knall gule bunter med bomullsgarn i ei skål på kjøkkenet å ropar på meg.
 Gler meg til å byrja på dei.
Truleg blir det ein håndduk i maskinstrikk. I mellomtida er tråden fin pynt på kjøkkenet :)
Gult er kult.


Eg er klar til å sy blomane til desse vårfriske bladene. Planen er at det skal bli rosebordskånere.
Blir dei klare, blir dei med til Vårens Glade piker til helga.

Ha ei goé og kreativ veke videre.
Takk for at du såg innom.

Klem
Lilladør

mandag 25. februar 2013

Hønene er på luftetur....klar for "Vårens Glade piker" utstilling


 Vinhøna nyter sola ifrå stigen på terrassen. 


Godt å være to:)


Dinglebein......


Verpesjuk:)?


I djup kommunikasjon.
Begge blir med til "Vårens Glade piker" til helga. Kanskje me treffast då?

Klem 
Lilla dør

søndag 24. februar 2013

Yes! Ny sesong på terrassen er starta


 Herleg med helg og rolege morgoner. Tid til både ekstra kaffikopp, lese litt og litt håndarbeid. Idag har eg hatt håndsaum, gjordt det siste finishen på ting eg har sydd på maskin og skal ha med meg til "Vårens Glade piker" til helga. Sjå her



Etterpå var det terrasseliv. I dag kunne me faktisk opphalde oss ute i sola og kjenne at sola varma. Hatt full sol på terrassen i heile dag. Kjempe flott!!!!!  Merka at nabotomta har tatt ned nokre store tre.:)). Nesten som våren var på snarvisitt! 



 Kjekt med litt håndsaum ut og:). Fekk unna både det eine og andre.









 Godt med mange gode sitteunderlag eller rumpevaremre som eg kallar det.  Inviterte resten av familien på bål og varm sjokolade i sola.


Tenk at me er ikkje er kome lengre enn til februar og me kan sjå tilbake på ein flott dag i hagen og å¨ terrassen.
Det var goé avsluttning på vinterferien for studentane som reiste no.

Klem 
Lilla dør



onsdag 20. februar 2013

Meir hekla roser


 Inspirert av det fine vårlege veret til og med med solglimt har eg heka nokre bordskånarar i knall rosa og lilla. Denne gongen har eg hekla det i bomullsgarn med heklenål nr 3,5. Eg laga nokre i lin i sist veke. Sjå her





Desse rosene vert med til "Vårens glade piker" utstillingen.

Klem 
Lilla dør 


tirsdag 19. februar 2013

Endå eit prosjekt er ferdig:)


 Eg strikka denne genseren i Aran garn i 100 % ull.  Restegarn etter denne genseren her. Eg brukte 650 gram garn til denne genseren.


Modellen er den same som farmengenseren Sjå her.  Men denne er strikka i ein farge med kontrastfarge  siste omgamgane på halskanten. 


No er genseren klar for Bergen og studentlivet der:)






Klem
Lilla dør 

søndag 17. februar 2013

Nytt stoff på gang:)



 I helga har eg printa ut nye bilete på stoff og klar gjordt dei til bruk. Det er kjekt å kunne bruke sine egne bilete på stoff. Blir meir mitt eige då. No held eg på med å sy nokre puter. 



Tidleg vår på Jæren.....før det byrjar å spire rundt steingarden på Grødem.

Ei pute klar til å ta med på "Vårens glade piker utstillinga" fyrste helga i mars.

Klem
lilla dør

lørdag 16. februar 2013

Korga mi


 Eg har tømt den store strikkekorga mi for å sjå kva eg har på gang og kva som ligg på vent. Det kunne ha vore verre:). Jillt med oversikt og inspirasjon til å gjere ting ferdig, sjølv om eg alltid synest det er kjekkast å prøve nye ting og utfordringer. Men sakte men sikkert blir ting ferdige og.:)


" New York"lue til gubben.
Ikkje påbegynt ennå.




Sokkar av garn ifrå Ullrommet.


Barneullvest / trøye.
ikkje påbegynnt ennå.



Ullsokkane mine. Eige design, sjå


 Jakke til meg sjølv...pinner nr 3.


 Dette Camille sjalet er vel det eg har helde lengst på med:  Bilstrikket mitt. Må snart ut å reise:)


 Brennende kjærlighet - vottar designa av Jorid Linvik


 Bærestykke til tunikaen min.


 Vottar Vinterland.
Design Wenche S Roald.


 Hals frå Purlbee.
Ikkje påbegynt ennå.


Sjå, det er mykje plass ennå (korga er stor) og så er eg i stimen til å gjere ting ferdig.:) Kan gå godt:)))

Takk til alle dokke som er innom bloggen og legg igjen eit spor! Det varmar alltid.

Goé lørdag 
Klem Lilla dør