tirsdag 29. november 2016

Julemarked-tur i år og som mange år på rad :)


Frrste helga i advent

 Julekuler i lange baner


 Markthalle er min favorittbutikk/marked i Stuttgart .... mykje fint og maaaasse inspirasjon



 Julekuler i alle fasonger pluss pluss



 Oppå julebodene var dei utruleg flinke å pynte og.



 Bretzel med smør må ein ha når ein er i Tyskland


 Juletreet midt i byen.



 Motel One kan anbefalast som overnattingsplass. Veldig sentralt


 Litt tid til strikk i sola på søndag føremiddag. Eg har hatt eit lite lynkurs/oppfrisking i det å strikke to sokkar samtidig :) Fann til og med Arne&Carlos garn. Mønsteret blir til medan du strikkar


 Grilling/røyking av norsk makrell i ei av buene


Julenisse møtte me og i den Finske delen av julemarkedet. 

Takk for denne gangen...... 
Kanskje, kanskje ikkje blir det fleire juleturar til Stuttgart på rad.


klem
Lilla dør

mandag 28. november 2016

Poncho


  Eg strikka den i Love mohair. Det gjekk med 200gr. Eg strikka den på pinnar nr. 9.


 Klar til bruk...veldig lett og lun. Blir nok ein favoritt på kalde dager. 



 Har vore eit flott bilstikk no i november.



Ha ein kreativ kveld med eller uten strikk.


Klem
Lilla dør

torsdag 24. november 2016

Adventsførebuing


 Me måtte lage ny søyle på trappa i bjørk. Fann diverse greiner i hagen.  Jillt arbeid no i adventstida. Kjekt og stemningsfullt med lys i denne førjulastida.




 Roser som blomastrar i hagen fortsatt





 Forsatt litt pynt og miljø på terrassen,  klar til å nyte ein kopp sjokolade eller kaffi. Det liker me.



 Denne kransen har eg visst før den snopa eg på Voll juletregard sist helg i flott einer.
No heng den ved inngangsdøra.



Hadde med nokre slike små furuer med rot frå Skorane då me var oppe sist. Desse synest eg er dekorative og fine no i adventstida.
Men fyrst er det juletur til Stuttgart i ettermiddag

Adventshelsing
Lilla dør

onsdag 23. november 2016

Førjulsbesøk på Voll Juletregard


Mykje fint hjå Marit og Ove i tillegg til juletrea. Vel verdt eit besøk enten du skal ha juletre eller julegåve til deg sjølv eler nokre andre. For min del vart det mykje til meg sjølv denne gongen.


Denne typen her fall eg heilt pladask for .... han måtte være med meg heim. Han blir min følgesvein no i desember. Han kjem nok til å få ein ny heim i Skorane. Foreløpig sit han i gangen her heime.





Sjeå denne lykta som Marit hadde laga. Den er ca 50 cm høg


Einerkrans...eg har så sansen for einer men den er vond og arbeide med.

Me var visst litt tidleg ute for juletre....men vi får det over helga:) Har planer å ha det på terrassen no i desember. Kanskje me kan gå rundt juletreet ute no i den søte julestria. Velkommen innom til gang rundt treet.

klem
Lilla dør

tirsdag 22. november 2016

Julegrisar i lin


 For fleire år sidan klypte eg opp to grisar i lin etter eit Stoff og Stil-mønster. Dei vart liggande, men no i haustferien tok eg dei med til hytta og jammen fekk eg ikkje sydd dei. ;) Ein "ufo" mindre og julegrisane er klar


 Her er det øyrene som vert sydde




 Godt å vera to


 Ganske stor den største. Her er den oppi ein gammal Hansa-kasse





God førjulstid

Klem
Lilla dør

mandag 21. november 2016

Tantes sokkar og vottar



Eg har ei fantastisk flink tante på over 90 år som strikkar og lager sine egne mønster....sist eg var innom ho fekk eg og gubben kvar vårt vottepar :) og desse sokkane. Ho har strikka dei dobbelt så dei er så varme og goé. 


Dette var eit anna par ho holdt på med . Tok bilde slik ein kan sjå kor doble dei er.
Eg har ein draum om å gi ut mønstra henne ut i bok form:) slik at me i slekta kan få bevart dei. Håper og trur me får det til.


Eg gler meg til snø og kaldt ver slik at eg kan ta i bruk desse flotte vottane. Har dei på hytta klar til bruk.




Her skal me ikkje fryse:) 
Tusen takk tante!
Klem
Lilla dør