søndag 3. mars 2019

Venninnehelg/syhelg del 1



 Sist helg (siste helga i februar) hadde eg besøk av ei venninne heile helga. Gubben og guttene var på fotballtur til England. Tenk ei heil helg  til sying, shoppingtur, strikking...... kan det bli bedre. Me hadde starta på eit felles prosjekt i fjor på desse tider.

se her frå oppstarten av teppe og venninnehelga i fjor:)



Mål ein i år var få sydd saman toppen på dette teppet og det vart seine kveldar både fredag og lørdag.....men me kom i mål.



Tid til litt turgåing vart det og. Søndag var sola framme og det benytta me oss godt av. Tur på Borestranda og kaffi i sola på terrassen.



Fekk besøk på terrassen av svigerdatter og barnebarn på bollar. Takk Ingri!


Her er kantane komne på


Begge sine tepper var ferdige.


Her legg vi bakstykke og vatt på mitt teppe som no er klar til quilting. Eg er ikkje heilt sikker ennå korleis eg skal gripe det an ...ligger til modning eller/og i tenkeboksen.

Kjekt med besøk 
Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar