onsdag 6. mars 2019

Nye strikkeprosjekt siste vekene (noen av dei) hjelp!!!!




 Har lenge hatt lyst på å strikke meg ei Sorbet cardigan/jakke av Mille fryd knitwear
Eg strikkar den i Knitting for Olive
Anny (Idestova) på Bryne har eit fantastisk flott garnutvalg. Heldig oss har ein slik fin butikk i nærmiljøet.


Fantastiske fargar spør du meg. Eg har valt dei helt sjølv. Eg ville ikkje ha kvit ribb og kant som dei fleste har men blågrønn farge.


 Tjukklender på pinner og til junioren. Strikkar i blåne og på pinna nr 7.

Tjukklender av Anne Thunem Dropledesign.


Lys denimfarge som hovedfarge og sjøblå i lusa. veldig fornøgd sjølv så gjenstår det å sjå om eg blir ferdig til påske og mottakaren blir fornøyd.


Måtte bare snope dette sjølv om det er garnslanking eg egentlig skulle gjere i 2019 men eg har aldri kjøpt så mykje garn på så kort tid....trur eg. Med desse to lilla nøstene her skal eg strikke ribbestrikka panneband i lekker bløt kombi av merino ull og mohair, frå Mille fryd knitwear dette og. Mykje fint  i dansk design for tida.


Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar