Eg skal på kurs i helga med Dorthe Merete Lykke Jensen frå Danmark. Strikkeklubben min er arrangør. Temaet er manipulasjon med formfiksering av tekstiler. Dorthe har henta inspirasjon frå dei japanske shibori teknikkane mellom anna. Ikkje farging men damping. Som førbuing til dette har eg byrja å strikke opp litt prøvelappar og sjal som eg kan bearbeide på kurset. Gleder meg. Det blir nok spennande. Me kan lage små ting som pulsvarmarar, lampeskjerm, sjal, puter, etc.

Rosa silke

Tynn lin

Gammalt tynt gulna bomullsgarn

Sjal i tynt ullgarn.
Forhåpentlegvis kan eg legge inn resultatet etter helga. Så følg med! :)
Dette blir spennande!!!
SvarSlettLukke til og kos deg med ny lærdom;o)
Solklem