onsdag 12. desember 2012

Klubbkveld med julegrøt og søm


På mandag hadde eg klubbkveld med julegrøt. Bordet hadde eg pynta med ulike hekla servietter og nuprellebrikker. Inspirasjonskilde var snøen og snøkrystaller. Nokre av serviettane har eg hekla sjølv for lenge lenge sidan og nokre er kjøpt på gjennbruken på Klepp til ein billig penge. Når du sprer dei ut over slik, får du igrunnen ein artig effekt.:)



 Vannkringle og flatbrød og spekemat høyrer grøten til:)





Me byrja på eit nytt syprosjekt denne kvelden og det er alltid like kjekt. Ikkje noko å seia på innsatsen. Me heiv oss over prosjektet med liv og lyst. 


 Eit gamalt sybrett gjorde susen til lysbord med ei bordlampe frå ikea under:). Kanskje lysboks var eit mulig julegåve ynskje.



Mønster del for del over på flisofix...


 Noen tok det meir med ro enn andre.....


 Her er min klar til brodering. Har printa strekane eg skal brodere over på Transfer Eze og strøke det på stoffet.


Mønsteret me syr etter; Lynette Anderson Designs. Ei lita julebrikke, ca 60 cm i diameter. Den blir nok ikkje ferdig dette året men kanskje til neste jul. 



Ha ein fine veke fortsatt.
klem 
Lilla dør

1 kommentar:

  1. Heldige klubbvenninder som får ta del i den adventskosen!!! Veldig fin pynt og flotte figurer.!!!Ha ei koselig "innehelg"i snøkaoset. Veldig vakkert og veldig upraktisk!!

    God helg frå KTS

    SvarSlett