onsdag 28. mars 2012

Sart og yndig




 Det yndige og sarte eg viste på bloggen på søndag er blitt til truseposer :))) Eg såg ideen på ein blogg men veit ikkje kven som hadde sydd truseposer forma som ei truse. Det sette kreativteten igang. Litt sprøtt men gildt. Har aldri sydd truseposer før.  Eg brukte gamle blonder eg hadde fått. Nokre av blondene hadde strikkeffekt i som gjorde at det vart endå meir truseeffekt. Smilte med meg sjølv då eg sydde dei. Har allerede fått bestilling frå nokre som ynskjer slike. Artig.... me får sjå. 


 Har fora dei med rosa stoff. Den eine har fått roser som dekor....skal det vere søtt så må ein bare slå til:)))




Sist eg var på Søstrene Grene fann eg desse artige serviettane ...som fekk ein til å drøyme om Syden eller ut på tur. Passa godt saman med truseposane. UT på TUR aldri sur:)))))
Det må jo også passe til venninegåve eller noko lignande.

klem Lilla dør.


5 kommentarer:

  1. He he de var veldig søte. God ide :)
    Klem fra Tine

    SvarSlett
  2. Kreativiteten blomstrer hos deg iallefall! Virkelig morsomme, forstår godt at du hadde det artig når du sydde dei:):)
    Klem Laila

    SvarSlett
  3. Du er go'e! Så søt-tøffe dei er;o)
    Kjekke gåver er det i vert fall!

    Nyt dagen, håpar den er god!

    Solklem

    SvarSlett