Igår var eg ein tur til byen. Mellom anna fekk eg kjøpt meg ny korg. Er litt hekta på korger. Denne gangen var det ei på Søstrene Grene som vart med heim. Vårgrønn og fin!!!
Eg tok ho i bruk med ein gong. Eg held på å strikke nokre modeller mellom anna til i morgon kveld . Då har eg inviterte nokre venninner til strikke/heklekveld i hytta. Temaet er eggeproduksjon. Gler meg til det. Skal kome tilbake med fleire bilete derifrå etterkvart. No held eg på med Arne & Carlos sine påskeegg. Eg strikker dei i alpakkka. på pinner nr 2.
Løparen sydde ei tid tilbake etter eit amerikansk mønster.
Høna eg sydde i sist veke er på plass over bordet i hytta. Den er sydd etter mønster i boka Vårgleder av Miriam Morken/Tone Stenklev. Den eg hadde frå før i hytta har fått ny eigar:)
Det finnast mange typer eggeproduksjon som tildømes i kakelaging. Pynta så fint av yngste jenta mi. Klar til kaffimat no i desse egg og påsketider.
Klem
Lilladør
Åååå så fint det var alt i sammen. Likte utrolig godt høna i taket med egget under :) Morsomt :) Og eggene du strikker..... :) og de søte eggkakene :) Alt var supert. Ble i godt humør av å se på :)Ha en fin kveld :)
SvarSlettKlem fra Tine
Så flotte ting.....høna i taket var jo bare helt herlig
SvarSlettFøtt løper og spennende med eggene......blir sikkert
flott når de er strikket på pinner nr 2
Spennende å se de ferdig...kos deg i hytta i morgen
Fin ukestart til deg
Klem