tirsdag 13. mars 2012

Eggeproduksjon på ein måndagskveld


 Eg hadde invitert nokre damer på eggproduksjon i hytta igår kveld. I form av strikking eller hekling. Så då vart det ein kveld med egg i alle varianter som kjeks, sjokolade, tomater, hekla og strikka egg :).




 Mitt hekla egg med krone og føtter. Har hekla det rundt eit isopor egg.


 Hege sine strikka egg, har hengt dei i pilbunten min. Denne pila fekk eg ifrå Voll Juletregard og greinene   er lilla!!!!!!. Busken har eg tørka, slik at eg kan ha den til å henge ting og tang i. Akkurat no er det egg som har fått plass der.


 Me brukte oppskrifta til Arne og Carlos sine påskeegg til dei strikka egga. Det vart  produsert mange flotte egg. Bare sjå nedanfor....... litt av det som vart produsert:))))


Eg tenkte det hadde vorw gildt å fylle ein eggekartong med stikka egg. Difor strikka eg mine i alpakka på pinner nr 2, då passa dei i eggekartongen.


 Her er det eit hekla egg og eit strikka egg( nedre delen og øvre delen vart hekla.) Det gjeld å lage sin eigen variant :)) Hege og Anny sine egg.


 Marit strikka med hare i lyse flott vårfargar.


Gerd sitt egg med påskekylling.....


Andrine sitt lilla med hjerte.
Var dei ikkje flott?

Eg fekk desseverre ikkje bilde av alle sine egga men det vart produsert mange egg.


Me må nok ha fleire slike kvelder i hytta... med eit nytt tema sjølvsagt. Har ein plan.

 Klem Lilla dør

Kjekt du såg innom bloggen.



3 kommentarer:

  1. Dette såg kjekt ut;o)
    Og de har jammen vore produktive!

    Mange flotte variantar til inspirasjon og glede!

    Solklem

    SvarSlett
  2. Oiii, kan godt forstille meg at de har hatt ei kjekke stund. Nydelig inspirerande bord og så mange flotte egg.
    No fekk eg også lyst å strikke egg :)))

    KariLklem:)

    SvarSlett
  3. Egga var kjempeflotte.Miljøet i hytta er jo et funn. MR

    SvarSlett