søndag 8. mai 2016

Sommarløper



 Løperen har vore nesten ferdig lenge. Eg hadde berre litt quilting igjen.


 Sist veke klare eg det og:)....... også fekk eg sydd på lukkekant. Det passa perfekt den vart ferdig til desse fine sommerdagene me har hatt på Jæren desse dagane med over 20 grader og sol!!!!!


 Ide og inspirasjon har eg henta frå boka Blått av Grete Gulliksen Moe og Ingrid Skaansar. Sommarløperen der:). Har brukt ein sommerblomst-stoffpakke . Eg trur eg i si tid kjøpte den hjå Kathrines Quiltestue.......trur eg.


 Ferske gode jordbær har me og hatt.





Ha ei kreativ veke. Kjekt når endå ein ufo er ferdig.
Her går det i maling ute... den fargerike terrassen min blir meir og meir kvit og grå. Igrunn veldig fornøyd med det. 

Klem
Lilla dør

1 kommentar:

  1. Denne var kjempefin ....... Flotte stoff .... Kjende att noken .....

    SvarSlett