lørdag 31. mars 2012

Strikk i Stavanger Aftenbladet idag



 Dagens Stavanger Aftenblad! Stor  artikkel om strikking og trend. Der strikking kjem med ny uttrykksform. Mellom anna har Gitte Skovmand og Eva Holm gitt ut boka "We knit love".  Der har dei ein strikka 2CV står på framsida av boka i fylgje Stavanger Aftenblad.


I samme stykket i Aftenbladet står det bilde ulike strikkeuttrykk som fylgjer den nye trenden. Og sjå kva det var det bilde av der?  Bilde nr 7 er frå Ullfestivalen på Bryne i haust. Sjå lilla dør sitt innlegg om den her; http://lillador.blogspot.com/2011/09/fargerike-tre-pa-bryne.html


Så min anbefalling er å kjøpe Stavanger Aftenblad.  Mykje flott inspirasjon der idag:))))

Klem  Lilla dør.

Ha ein fin laurdag!

fredag 30. mars 2012

Bordpynt


Eg var på besøk hjå son og svigerdatter i Bergen som hadde pynta bordet med desse flotte julerosene.  Dei var bare heilt nydelige. Flott farge ....og sjå den nydelige blomsten.  Bare nyt den....kan nesten ikkje bli bedre.


Ha ein god fredagskveld.....idag ventar eg den fyrste påskegjesten. Gleder meg.

Klem Lilla dør

torsdag 29. mars 2012

Hurra for den som fyller år!


Cupscakes i ny vri!

 Ei god vennine fyller år idag.  Sidan ho er glad i stoff, fann eg ut eg skulle lage nokre cupcakes til ho- inspirert frå NQF sitt årsmøte. Der delte dei ut mange cupcakes. Eg fekk aldri sjå dei på nært hold så eg laga min egen vri:)  




 Eg rulla saman stoffa og knytte rundt pyntebånd enten på mufffinsformene eller rundt stoffrullen.






Graulerer med dagen!!!! Gler meg til å sjå kva du syr av stoffa, banda og knappane. Ha ein kjempe flott dag!

Klem LIlla dør.

Utkikksposten :)



Mine gode og gamle høner har inntatt vindauget på arbeidsrommet. Dei har fylgt meg lenge. Før var dei ein del av logoen min. Eg fann ut at det passa å sette dei i vinduskarmen no i desse påsketider.


Dei er nok i utgangspunktet sydd etter eit amerikansk mønster med min egen vri.


Ha ein kreativ kveld. 
Klem Lilla dør

onsdag 28. mars 2012

Sart og yndig




 Det yndige og sarte eg viste på bloggen på søndag er blitt til truseposer :))) Eg såg ideen på ein blogg men veit ikkje kven som hadde sydd truseposer forma som ei truse. Det sette kreativteten igang. Litt sprøtt men gildt. Har aldri sydd truseposer før.  Eg brukte gamle blonder eg hadde fått. Nokre av blondene hadde strikkeffekt i som gjorde at det vart endå meir truseeffekt. Smilte med meg sjølv då eg sydde dei. Har allerede fått bestilling frå nokre som ynskjer slike. Artig.... me får sjå. 


 Har fora dei med rosa stoff. Den eine har fått roser som dekor....skal det vere søtt så må ein bare slå til:)))




Sist eg var på Søstrene Grene fann eg desse artige serviettane ...som fekk ein til å drøyme om Syden eller ut på tur. Passa godt saman med truseposane. UT på TUR aldri sur:)))))
Det må jo også passe til venninegåve eller noko lignande.

klem Lilla dør.


tirsdag 27. mars 2012

Lampeskjermane er ferdige


 I kveld møttest me som tok utfordringen frå MR design og Marit om å strikke trekk til ein lampeskjerm. Temaet var natur. Alle var skjermane var ferdig i kveld. Er dei ikkje flotte kvar på sin måte sjølv om dei  er ulike. 


 Her er  Marit sin.  Jærstrendene var nok inspirasjonskilda her.


 Litt nærbilde frå lampeskjermen 



 Her er Elisabeth sin. 


 Strikka med tre garn samtidig på ganske grove pinnar og med innfelte greiner. 



 Gerd sin. 
Strikka i tynt ullgarn. Lampefoten var ein ho hadde hatt i familien lenge, kjekt med igjenbruk.



 Min lampeskjerm, Se innlegget ifrå igår :)



Ulike og fine på kvar sin måte, alle fire.


Takk for to gilde kveldar saman. Det kjem nok fleire kreativer kvelder med ny utfordringer. Kjempekjekt, eg gler meg allerede. Kjekt å måte lage noko av eigen ide. Der ein ikkje kan kjøpe mønster men må løyse det sjølv.


Klem
 Lilla dør

mandag 26. mars 2012

Ugleskjermen min er ferdig


 Eg kom i mål!!!! Alltid like gildt når ein er med på eit prosjekt. I morgon skal me samlast med skjermane:)) gler meg. Se her slik såg utgangspunktet mitt ut. Eget design, men uglemønsteret er Dale sitt. Har strikka skjermen av Rowan cocoon. Augene er små perlemorknappar. For å få endå grovare utsjånad malte eg små greine med hobbymaling. Har kosa meg.


 Her blir den sydd på .


 Forsytiagreinene mine:))))


 Vart eit lunt og varmt lys....



Ha fin veke vidare. For meg var det ein god følelse å være ferdig. Gler meg til å sjå dei andre sine lampeskjermar i morgon.

Takk for mange kommentarer ...varmer. Kjempe kjekt at eg har fått nokre nye følgarar i dei siste dagane! Takk til dokke, eg set pris på det.

Klem 
Lilla dør.

søndag 25. mars 2012

Mykje gildt


 Me har hatt ei flott helg på Jæren med smak av vår... laurdagen var det tid for litt hagearbeid. Helst var det gubben som  stod for det... heldt han litt med selskap iallefall under kaffipausane:)))


Kjekt når staudene dokker opp igjen.


Me var invitert i selskap, alltid gildt det.  Kortet vart laga av papir i frå Søstrene  Grene. 



 Mi svigerinne hadde fått ny kjempeflott ytterdør ........ måtte bare ha bilde av ho, eg fekk lov :) Knall fine!


 Ellers har det vore tid til strikking. Som lova.... blir lampeskjermen ferdig til påske. På tirsdag skal me ha samling hjå MR design igjen. Snart bare monteringa igjen. Gler meg til å sjå korleis lampeskjermen blir.


Sjå kva eg fekk på fredag...alltid gildt å få blomster. Stod å venta på meg når eg kom frå jobb. Klem til givaren.


 Idag har eg byrja på eit nytt syprosjekt. Lite..... men morsomt. Det er slik at eg ler medan eg jobba med det. Gildt med litt humor i kvardagen. Skal legge ut bilde når eg er ferdig med det. Se bare stoffa og fargane. Sart og yndigt.


Sjølv om eg kjøpte ein del stoff på årsmøtet sist helg måtte eg bare ha litt av det nye stoffet Lisi Design på Jærhagen hadde fått inn. Aspegren frå Danmark. Mange flotte fargar og bånd som matcha stoffa. Kan anbefale ein tur der:)))

Ha ei fin og kreativ veke!
Takk for kommentarer dokke legg igjen på bloggen. Alltid like gildt og inspireande. 

Klem Lilla dør.

torsdag 22. mars 2012

Eggfangst:)


Haren min har vore på fangst. Denne løparen har eg applikert og frihåndsquilta. Passa godt saman med  egga mine til påska enten egga er iform av stearinlys eller sjokoladeegg.


Eg driv og samlar på eggelys- No i desse påsketider brukere eg dei....... må bare etterfyle litt av og til :) Alt det ein kan samle på!


Ha ei fin veke forsatt......
Klem Lilla dør.