søndag 19. august 2012

Tur til Randaberg


 I ettermiddag var vi innom eit vennepar på Randaberg. Sjå dennne koselege og frodige terrassen. Det var urne på urne med kraftige og frodige planter i flotte fargar.  Det gir inspirasjon å sjå og drøyme:))


 Her ser vi afrikansk lilje. Eg trur det var 19 blomsterknoppar på den i år. Kjempe stor. Den blir oppbevart i garasja om vinteren.  Eit syn!



Etter visitten innom Grødem på Randaberg gjekk turen langs sjøen frå Mekjarvik til Tungenes fyr der vi var på konsert med Vamp. 


 Flott område å gå langs svaberg og beitemark




På Tungenes var det  ein flott konsert med Vamp i sola og med utsikt til skipsleia nordover frå Stavanger. "Kan ei beskrivast bare opplevast" er det vist noko som heiter. Ca 2500 var på konserten. Etterpå fekk vi flott ein tur langs sjøen tilbake til bilen i Mekjarvik. På den måten slapp me køen og rusjet etter konserten. Tusen takk til gode venner på Randaberg for flott dag saman med dei. 

Ha ei fin og kreativ veke!


Klem 
Lilla dør.

2 kommentarer:

  1. Så flotte bilder :) Og konsert med Vamp var sikker veldig bra. Fint vært også :)
    Ha en fin uke.
    Klem fra Tine

    SvarSlett
  2. Flott tur reportasje Kari! Flott konsert. Glede meg t liljå stor i full blomst!

    SvarSlett