mandag 6. august 2012

Matauke og feiring


 Sist veke var fantastisk innhaldsrik. Fullt hus med feriegjester, men likevel rakk me over mykje :)
I byrjinga av veka var det feiring av mormor.


 Så har me fått plukka mykje bær; fått sylta bringebær (plukka hjå svigerfar) og sylta solbær og stikkelsbær frå eigen hage. Rørt mykje jordbær (kjøpt) og så har junioren plukka rips frå hagen vår og laga råsaft, kjempegoe saft. Så no er me godt rusta for hausten med sunt syltetøy og saft. Eg har lært å koke rømme graut og laga melkekaker frå Sunnfjord. Kjekt å lære og viderføre gode mattradisjonar frå ein generasjon til ein annan og ein tredje:))) 



 Her er Ragnhilds brownies...kjempe goè!


 Jordbær og blåbærpai med vaniljekrem, ikkje så verst det heller.


Gode lange måltid ute høyrer sommaren til!



Gubbens greske salat

Kjekt når fleire likar å lage mat :)))



1 kommentar:

  1. Ummmm her var det mange fristelser.
    Dere har vært flinke til å sylte og safte også :)
    Kjekt
    Klem fra Tine

    SvarSlett