torsdag 9. august 2012

August og litt fornying av hagen.


Ny  Hortensia på terrassebordet i går. Mega hadde tilbud og fristelsen vart for stor. Dei gamle sommarblomane bar preg av sommeren er på hell så det var behov for fornying.


Sjå dei flotte lilla fargane.....


Eg klypte ned spanske margarittane mine for ein månads tid siden. No kjem dei att frodige og full av knoppar. Det liker eg.


Lupinane me sådde er no i blomst, kanskje litt etter rute med dei lyser fint opp no.


Løvmunn er noko dei sommerblomar eg liker aller best. Desse har svigerfar sådd og eg planta dei ut i mai, no kjem dei. Det blir fargerikt og flott no utover i august og september.


Her er det meir margaritter som kjem i runde to. I djup rosa. 

Goè fredag
klem 

1 kommentar:

  1. Fantastiske fargar! No vart eg inspirert. Har spunne 8 hesper med mohairblandingar. Dei vert nok lilla:)

    SvarSlett