søndag 26. august 2012

Svipptur til Sørlandet:)



 Fyrste stopp var frokost/føremiddagskaffi på Drømmeplassen i Kristiansand. Må alltid innom der. Kjekk kafe/bakeri med mykje god bakst og tøff innredning. Har du ikkje vore der, anbefaler eg det til neste Kristiansandstur:) 



 Dennne gongen hade me lita tid i Kristiansand, men nokre butikkar fekk me vore innom. Slik som Lyspunktet, ein kjekk design og interiør butikk. Det er her det lilla hagebordet og deil lilla hagestolane mine kjem frå:), for dei som har høyrt om dei. 
 Vi var innom Den Blå dør og. Kjøpte to nyste med garn til blondeskjerf og ei gåve. Eg likte godt innpakkninga på gåva. 



 Me rakk Grimstad og før butikkane stengde på laurdag. Var innom Meretes atelier, Lysthuset. Der hadde dei tilbud på nokre flotte hauststoff. Heilt perfekt for prosjektet eg held på med for tida. Ikkje så ofte eg får stoff som eg liker til kr 50 pr meter!


Sjå, stoff og blomar går ton i ton.



 Idag var me innom på kaffi i ein fantastisk hage utanfor Grimstad. Eg måtte berre ta med nokre bilde derifrå. Eplene var sommareple som smakte kjempe godt. Og sjå dei fantastisk flotte trea. Eg knipsa mange bilde av dei. Her er ein liten smak. :)



På Sørlandet idag var det full sommar og bort imot 20 grader og vindstille. Me merka vinden og gradene sank då me kom til Rogaland igjen.Uansett, borte bra men heime best. 

Ha ei goe søndagskveld.
Eg trur det blir strikking på skappelgenseren for min del.

Klem Lilladør

3 kommentarer:

  1. Du har tatt samme runden som jeg pleier å ta :) Det er noen kjekke butikker i tillegg med det vet du nok :) Fine ting du fikk kjøpt også.
    Ha en fin strikkekveld. Her durer symaskinen!
    Klem klem

    SvarSlett
  2. Send en melding neste gang så kommer jeg til Drømmeplassen og tar kaffe med deg. Det hadde vært gøy. Jeg er også igang med Skappelgenseren. Koselig med sånne gamle frukttrær. D

    SvarSlett
    Svar
    1. Det hadde vert kosleg å treffe deg. Er det ikkje jillt å strikke skappelgenseren . Eg er ferdig med ryggen og halve framstykke. klem

      Slett