tirsdag 14. august 2012

Haustblad


 Når eg frihåndsquilter slike store ting synest eg det er greit å bruke kjøkkenbordet. Stor og go´e plass. Slik at heile teppe får ligge på bordet:)). Dette er jillt arbeid, eg storkosar meg med slik saum. Eg trur eg må spørje om lov til at det kan ligge slik til eg ferdig, truleg i morgon kveld. Me ete jo dei fleste måltida ute allikevel i dette flotte seinsommerveret me no har fått her på Jæren.


 Det eine bladet etter det andre får sin farge og liv.



 Då er det kjekt med godt utvalg i ulike farger på tråden. Det å sjå opp i sytråd eska mi er ei  inspirasjonskilde i seg sjølv (spør du meg).  Og så er det ein stor fordel at tråden blir oppbevart i esker  eller eit anna lukka system slik at den ikkje blir støvete.  Det liker ikkje symaskina.:)))


 Her ligg noko stoff på vent....blir nok haustblad det og i ein elller annen form.


 I dag då eg kjørte frå jobb måtte eg innom Blomsterkvasten, blomsterbutikken som ligg like ved der eg jobbar. Desse flotte " haustkåla "og lyng lyste og ropa til meg.  No står dei på trappa og gir mykje inspirasjon. Bare sjå på dei fargane......fantastisk. Dei var kjempe fine. Igrunnen sant at kvar årstid har sin sjarm. 

Klem 
Lilla dør

5 kommentarer:

  1. Flott quiltearbeid du held på med! Imponerande samling av tråd:)

    SvarSlett
  2. Dette blir eit flott teppe!! Klart det må få ligge til du er ferdig;) Så nydelege pyntekål! Bra du høyrde ropet;)

    SvarSlett
  3. Jeg be også jammen imponert over samlinga di!

    Pyntekål må jeg også ha, den er så nydelig - passer bra nå som luften blir kaldere :)

    SvarSlett
  4. Spennande haustteppe du held på med. Gle meg til å sjå det ferdig. Det er ikkje lenge til kurshelga no :))
    Må vist sjå på lageret mitt om det må supplerast når det gjeld fargar med haustnyanser.
    Har også planta haustkål, men trur eg skal ha fleire. Herlige farger som du seier.

    Ha ein god dag og lukke til med quiltinga!

    KariLklem:)

    SvarSlett
  5. Utrolig vanskelig å frihåndsquilte synes jeg. Jeg får det så ujevnt. Noen lange og noen korte sting... Ser at du kan det !! Fine høstfarger både på teppet og blomstene. D

    SvarSlett