fredag 10. august 2012

Fleire hadde sykveld i går



 Den eldste av prinssessene mine hadde også sykveld igår. Og det er ikkje ofte!!!. Men sjå det fine ho produserte. Ho hadde kjøpt seg fotostoff dåvi var innom Bergen på Stoff og Stil i sommar. Puta er ca 60 x 60 cm. Til bakstykke valgt ho okergult, kjempe kult. Denne ugleputa vil nok passe inn på hybelen til ein student i Bergen:). mykje visdom med ei ugle.


 I tillegg sydde ho seg handlenett. Då brukte ho voksduk til sjølve nettet og strie/jutebånd til hankane. Begge deler plukka me med oss då vi var på Stoff og Stil.



Tøff avslutning oppe på nettet,  med å skjere beint av utan brettkant. Og så ein bånd med teksten " Du er heilt konge" til pynt.



Ha ein fine fredagskveld.
 Eg satsar på ei kreativ helg der eg får vera mykje ute og i tillegg sy ein del.  Det høyres nesten ut som Ole Brumm, ja takk begge deler. Eg får sjå kva eg får til.

Klem 
stolt mor

2 kommentarer:

  1. Så flotte ting hun har lagd. Like flink som sin mor.
    Ha en fin kveld du også......mange planer for helgen jeg også

    Klem til deg

    SvarSlett
  2. Fine ting jenta di har sydd! Smart med nett i voksduk:)

    SvarSlett