Dagens middag/kvelds. Tre av ungane er komne heim til helga og eg fekk lyst å lage komlesuppe. Sjeldan kost men det smakte kjempe godt. Det var vi enig om:)))
Komlesuppe er ein tradisjon eg har med meg heimefrå. Lært av mamma som sjølv var vant med det heimefrå av si mor. Eg koker det når eg har ein rest på fenalåret. Vatnar det litt og skjere kjøttet opp i små bitar. Lager vanleg komle "deig" og putter kjøttet opp i deiga. Koker komlene i H melk, bruker ca to tre liter melk. La det koke ca ein liten time med komlene oppi . Sjølvsagt koker eg opp melka før eg har komlene oppi.
Tilbehør sirup og steikt bacon.
Kan anbefale det:)
Er det noen som har laga eller smaka det?
Klem
Komler, eller klubb, som vi kaller det, er blandt vår families favoritter. Komlesuppe det har vi aldri laga og eg har aldri smakt det heller. Ser godt ut. No veit eg jo korleis eg skal lage det, så kven veit....
SvarSlettHa ei fortreffeleg helg!
KariLklem:)
Eg er usikker på om komlesuppa såg godt ut.
SvarSlettSpennane! Dette har eg aldri prøvd, men han min skøyde veldig:) Kanskje eg kan få invitera meg på komlesuppa hos deg ein gang?
SvarSlettGla i deg! Ønske deg ei goe uka.
Kjekt du har lyst å prøve komlesuppa. Skal nok passa på å lage den ein gong du er her slik at du får smake den. Det er kjempe godt spør du meg:) Klem
Slett