søndag 12. februar 2012

Bakverk



 Som lova så gjort.....eg lova heimelaga bollar i dag. Fann ut at det var lenge sidan.  Vanlege søte lyse bollar. 


Nokre med sjokoladebitar i......


Sjå det flotte bakekledet eg fekk av mamma til jul. Ho er kjempeflink til å brodere. Fargane gleid rett inn hjå meg. Endeleg har eg teke det i bruk. Det har vorte lite gjærbakst så langt i 2012....håper det betrar seg etter kvart:)))


Mønsteret ho har brukt er frå Northern Quilts. 


Eg ligger jo ganske bra an no sidan bollesøndag ikkje er før neste søndag. Eg får håpe det blir nokre bollar til å ha i frysen og..... klar til bollesøndag.

Med fyr i ovnen og nysteikte bollar. Varm sjokolade i koppen eller kaffi .......då er ikkje det så verst............ 

Ha ei flott veke!

3 kommentarer:

  1. Ein god dag, ser eg!

    Ja, mor di er fantastisk flink med nål og tråd! Eg har vore heldig å sett nokre av hennar flotte arbeid!

    God veke til deg og!

    Solklem

    SvarSlett
  2. Ååå de så veldig gode ut :) For et nydelig bakehåndkle du har fått. Så kjekt å få. Fortsatt fin søndag til deg og god uke også :)

    Klem fra Tine

    SvarSlett
  3. Ser at du har gjordt dagen din god. Flink bollebaker:)
    Har sett mange av din mors nydelige arbeider. Alltid et syn for augo.
    Ha ei riktig god veke!

    KariLklem:)

    SvarSlett