søndag 8. mai 2011

Mykje gildt

 På måndag hadde eg hageengel-kurs hjå meg. Flotte engler vart laga av denne typen. Den største engelen min som er inspirert av hagen/"garden look"



 På tirsdag var det strikke klubb.  Så sjå den flotte tråden eg fekk kjøpt då, sidan vi var hjå ho som driv ullrommet. Garnet er ei blanding av ull og silke.  Planen er at det skal bli skjerf på strikkemaskina.:)

 I september  arrangerer me i strikkeklubben kurs.  Då kjem Dorthe Merete Lykke Jensen, som er tekstildesigner, for å undervise. Er noko interessert er det bare ta kontakt med meg. Ein weekend kor vi skal eksperimentere med ul -polyester- kjøpte tekstiler og formfiksering.  Enno noen plasser ledig men det fyllest opp:)

På torsdag var dokke klubben samla igjen. Me har sydd saman i ca 15 år. Me er fire damer. Denne gongen var vi i Stavanger hjå ei kreativ dame. Der ho hadde laga materialpakkar og forberedt kvelden godt for oss. Då sydde med denne festlige pose/veska. Eg kjem kanskje til å ha hekletøy eller strikketøy i den. Me hadde fått beskjed om at me måtte ha med symaskin og sysaker. Så kom eg heim med den festlige veska/posen.  Så vi var effektive etter at vi først fekk eit godt måltid mat. Gildt med gode sy venninner.


          
 Sist veke var gild og travel med mykje påfyll:))))) Det stemmer godt med teksten som står på posen/veska: "Friends give a heart full of happiness."
Ha ei  god veke!

2 kommentarer:

  1. Så kjekt de har det og så mykje flott de har laga! Sykveldar er grådig kjekke!

    Og tråden, den er berre nydeleg! Skulle som sagt ha vore nærmare....;o)

    Ha gode dagar!

    Solklem

    SvarSlett
  2. Koselig måndagskveld i hagehytta! Hage-engelen min er snart ferdig! Bare litt pynt igjen. Gler meg ellers til "Kari-klubb" i morgon. Då er det strikketøyet som får vere med i hagehyta!
    Toneklem

    SvarSlett