onsdag 11. mai 2011

Fleire puter....

 Tidlegare i vår var eg på Gjenbruksbutikken på Klepp og fann mellom anna desse to broderia som eg har sydd om til puer. Den øverste har eg sydd på eit stykke linstoff.

Den kvite er ein pyntehandduk som eg har sydd om til pute. Kvitt broderi på linstoff...... tenk for eit arbeid.  Den kvite puta har fått plass i hagehytta og glir rett inn i det lyse miljøet der.
 Som dokke ser er motivet mellom anna ein påfugl.....
Eg trur eg snart må ha meg ein ny tur på gjenbruken for å sjå om eg finn fleire skattar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar