torsdag 26. mai 2011

Det romanstiske hjørne......

 Mine romantiske knesokkar.  Har strikka dei av blandingsgarn med bomull og lin. Og pynta dei med strikka blomar etterpå. Kjempeartig å lage ikkje minst då eg skulle til å pynte dei. Har faktisk hengt dei på pynt i hagehytta opppå ein gamal nattkjole eg har fått etter ei tante til mor mi.  Men når den rett anledninga kjem blir dei nok tatt i bruk.  Har skrive mønster på dei som eg kan selge til dei som ynskjer det.

Peoner  er dei ikkje flotte. Vart inpirert av dei flotte blomane. Nett no er det peon tid:) enten du nyte dei i hagen eller får "snopt" deg dei på butikken. Kanskje du skal unne deg ein bukett til helga....

Kjekt du ser innom bloggen min.  Fint viss du ynskjer å sette deg opp som følger eller legg igjen ein liten kommentar til meg.....det gir ekstra oppmuntring og inpirasjon. 

2 kommentarer:

  1. Skjønne strømper og er enig med deg i at peoner er flotte - gler meg til dei blømer i hagen :) Ønsker deg ei fin helg :)

    SvarSlett
  2. Eg har vore innom Kari og gjort nett det;o) Kjøpt ein bukett med vakre peonar!!;o)

    Og ja takk;o) Eg kjøper gjerne oppskrifta på dei nydelege sokkane dine!

    Ha ei nydeleg helg i den fine hagen din!

    Solklem

    SvarSlett