tirsdag 5. november 2019

Plantefargingskurs del 1



Siste helga i oktober var eg og ei venninne til Drammen på eit plantefargingskurs. Kjempekjekt.
Me var på Spinnestua sitt kurs. Tema for kurset var Eksotiske natur- og
plantefarger. 

Me farga med annatto, alkanna, blåtre, rødtre, henna, kochenille, smørvalnøtt for å nemne noko. Skal få se dei enkelte resultata seinare. Må få vinna opp og laga bunter fyrst. Har fått vaska garnet klar til å nøste dei opp. Bildet over her er kochenille.




 Indigo er spennande til å trylle fram fine blåfargar og til å overfarge garn..... til lilla, grønn etc.


Fin bukett med garn ifrå kurset.


Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar