torsdag 3. oktober 2019

Fjelltur og strikk


 Siste helga i september hadde vi familiehelg saman med alle ungane, svigerbarn og barnebarn. Ei fantastisk fin helg der me gjekk inn til turistforeninga si hytte Viglesdalen!!!! Knallfin tur til  den nye DNT hytta der.


Denne lua strikka eg. Gratis oppskrift her. Eg strikka den i Alpakka forte classic.


 La opp nytt strikk til turen, ei lue til ein av dei håpefulle.... studenten. Strikka den i alpakka og fann oppskrifta på nettet. Måtte jo eit lite strikk med og litt strikka vart det og.


 Nyt fargane 


 Me kom opp i fleire saueflokker med gjetarar som losa sauen heimover til Nes. Eg var så imponert over kor fint og kontrollert dei førte flokken. Ein fantastisk fin komunikasjon mellom gjetaren og hunden. Tar av hatten  for dei. Mykje fin ull passert med andre ord :)))))



Må nok strikke den ferdig i låglandet eller kanskje eg kan ta den med på neste fjelltur neste helg :)))

Klem
Lilla dør som nyter hausten og dei fine fargane....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar