fredag 18. august 2017

Jentetur i helga


 Eg er så heldig at eg er invitert på jentetur i helga til Jelsa. Eit uttrykk eg har høyrt mykje på Jæren er:  "Skriv det på Jelsapresten"..... no skal eg endelig få oppleva Jelsa. Skal til og med få bu i gamle banken der.... gleder meg.
Ein av tinga eg skulle ha med meg var strikketøy. Då fekk eg føre meg att eit lite felles prosjekt kunne vera jillt. Av dette stoffet og ein tur ut på strikkebutikken fekk eg laga kvar sin aktivitetspakke for helga på torsdagskvelden.... Kom i mål:)


 Strikkeposar. 


 Garn til to prosjekt. Kan ikkje røpe det før over helga. Skal legge ut når tinga tek form og blir ferdig. Håper på ivrige damer. Damene har fått beskjed om å ta med strikkepinner og eit lite nøste i ullgarn i favorittfagen sin.


Kvar si pose pakka klar for jentetur i helga

God helg

Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar