søndag 20. august 2017

Felles prosjekt på jenteturen i helga...... Baable lue



Her er eg i gang med lua... mønsteret fann eg på nettet. Eg valde å strikke det i garnet Sterk, det er mjukt og klør ikkje:). 



Som de såg på sist blogginnlegg var oppgåva å lage både lue og koppmansjett . Dei skulle ha med seg ein favorittfarge i ullgarn som dei skulle strikke den ein sauen i og litt på kopp mansjetten...... Resten av garnet var likt og låg i posen.




baablehat i shetlandswool er mønsteret henta frå. Ligg på nettet.


Var dei ikkje knallfine? Alle kom heilt i mål :)  I grunn kjekt med felles prosjekt på slike jenteturar. I alle fall når alle liker godt å strikke.




Eg fekk til og med lært meg ny hekle teknikk til grytekluter ...dobbel hekling spør du meg . Perfekt til grytekluter. Det vart ein båt-aktivitet.:). No må eg bare få hekla dei ferdig slik eg ikkje gløymer teknikken.

Tusen takk for fantastisk fin tur til Jelsa!!! Godt lag og kjempefin plass. 


Klem
Lilla dør






1 kommentar: