lørdag 4. februar 2017

Lilla dør på besøk på Oslo Design Fair sist helg




 Sist helg fekk eg lov til å besøke Oslo Design Fair på Lillestrøm. Kjempekjekt og inspirerande. Mykje fint å sjå.  Mykje jordfargar/natur vil eg seia pregar trendane no i vår.... 


 LIn i ulike kvalitetar



 Mykje "botanisk" i form av grønne planter, trykk og fargar var noko som eg følte prega våren og trenden no.....


Sjå desse fantastiske porselensfata som eg såg...... dei var bare heilt utruleg fine.
Designer + keramiker er Mona Ness




Viktig med kafebesøk.... ofte :)


 Som ein av dei fyrste 100 besøkande på messa på lørdag fekk eg eit fint tøynett med litt reklame på. Fine fargar og kjekt minne frå kjekk dag.


Ei av mine håpefulle hadde saman med ei gruppe på HIOA kome til finalen i Røros Tweed sin konkurranse. Desse fire pledda var plukka ut og skal stemmast på. Vinnarpleddet skal inngå i Røros Tweed  sin haustkolleksjon i 2017. Det var visst over hundre bidrag så bare det å bli ein av dei fire beste er jo fantastisk....... kanskje vinn dei 



Designeren og hennar bidrag saman med tre andre på HIOA.

Klem stolt mamma
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar