Eg har sydd meg eit varmt og godt teppe til sofaen ...perfekt til ettermiddagskvilen og til kalde kveldar...... Har sydd det av Designers Guild-stoff som eg kjøpte for ei tid tilbake i London. Kombinert med grå lin.
Designers Guild har ein fantastisk fin kolleksjon. Eg har fleire bøker frå dei ....er bare så fasinert av dei. Nydelige fargar i flotte mønster......har meir stoff på lager frå dei.
I fjor sydde eg denne løparen med lilla hortensiablomst og mørk lilla i botnfarge.
Sidan det var så stormønstra og fint stoff valde eg å ha stoffet i midten i eit stykke. Eg sydde ein brei linkant rundt. Rundt kanten quilta eg bladmønster med frihandsquilting.
Bakstykket er ullfleece i tjukk kvalitet som eg fann i stofflageret mitt. Teppet er ganske tungt......nesten som vadmelsteppe. :)
Her fotografert ute....dei klare fine fargane kom godt fram då.
Ha ei fin advents tid fortsatt.
Klem
Lilla dør
Fantastisk flott teppe 👍👏🏻👏🏻👏🏻👏🏻👏🏻👏🏻
SvarSlettNydelige farga - og du er fanstisk flink å få idéene til å bli til noko handfast og fott!
SvarSlettAldeles nydelig teppe i flotte farger!
SvarSlettKlem
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettble noe tull med å poste kommentaren - gjør et forsøk til:
SvarSlettÅåhh...så nydelig teppe du har laget! Herlige farger :) Jeg er også veldig glad i Designers Guild - ikke så ulikt Kaffe Fassett.
Jeg skulle så gjerne ha utsatt julen en ukes tid, slik at jeg kunne sydd alle de juletingene jeg har liggende på vent, akkurat som i fjor, og året før... jaja, sånn blir det helt sikker neste jul også :)
Ønsker deg ei fortsatt fin adventstid!
Klem fra Levanger