tirsdag 29. desember 2015

Nytt sengeteppe til jul


Eg har sydd meg nytt sengeteppe på hytta av ulike rødprikka stoff og kvitt stoff med julemotiv i rødt. Teppet vart ca 2x2 meter. Eg brukte ullvatt slik at det vart ekstra lunt og godt og lett.


Me fekk tatt det i bruk sjølv om det spøka for det. Eg har problem med symaskina mi. Så dette er quilta på ei gamal avsatt maskin men eg kom i mål. Må være ærleg å seie at har ikkje fått lagt til lukkekanten ennå....så får vi sjå kva tid det blir. Men ellers er eg veldig fornøgd med teppet. 




Jillt med langsom start på dagen når ein har julefri og er på hytta:)


Ut i snøen med det ......til ære for fotografen


Langnisse luene eg strikka til dei håpefull for mange år sidan er komne til heder og ære som pynt i gangen. Dei har faktisk vore i bruk og. Var varme og gode då me var ute og steika vaflar her om dagen på bålpanna.



Me såg spor etter nissen ute og. Før vi kom på hytta hadde han vore der.....skal legge ut eige blogginnlegg om kor fint han/dei hadde pynta ute til jula for oss.


Juleklem
Lilla dør

5 kommentarer:

  1. Sikkert kjekt med hytte-jul, og med nytt sengeteppe!
    Riktig så fint! Kos dere videre, og fortsatt god romjul!

    Klem









    SvarSlett
  2. Et flott sengeteppe.
    Koselig å ha det på hytta.
    Ha ei flott nyttårshelg :)

    SvarSlett
  3. Så fint sengeteppe! Det var det julestemning over :) Å steke vafler på bålpanne hørtes rett så koselig ut nå i den rolige juletida.

    SvarSlett
  4. Kjempeflott teppe.... det ga inspirasjon.... Klem

    SvarSlett
  5. Kjempeflott teppe.... det ga inspirasjon.... Klem

    SvarSlett