mandag 25. mai 2015

Langhelger, det liker me


 Pinse og langfri er godt for sjel og lekam:)...... gjere nesten det ein har lyst til. Eg har hatt ei flott helg med mykje sosialt liv pluss opp til fleire turar ut i det fri. Og for ikkje å gløyme innsatsen i hagen på lørdag.


 Grøtfest på terrassen lørdag til lunsj.


 Ein snev av sommar på terrassen denne helga innimellom haglebygene!


 Eg har og fått baka litt gjærbakst som er favoritten min. 


 Focacciabrød er ein slager hjå oss og heilt ferskt er det ekstra godt.


 Melsvatnet rundt opp til fleire gonger denne helga.
Kan det være eit snev at eit bedre liv.......sunnare kanskje?
Men det går vel fort over når kvardagen innhentar meg.






Eg fekk meg ei ny bok for ei tid tilbake.... fantastisk fin og inspirerande. Har byrja å utforske ho...kan verkeleg anbefale den. I helga laga eg desse eltefrie rundstykka, med min eigen vri. Eg hadde meir grovt mjøl i. 


 Eg sette deiga kvelden før og steikt dei i muffinsform til frokosten dagen etter. Knallbra og "snaut" (enkelt).... 



 Hage og vår høyrer i saman. No har eg byrja og i alle fall fått sådd frø og luka litt, med veldig gode hjelpa av gubben då.


 Tid til strikk har det og blitt. Fått byrja på raglanfellinga på islenderen til guttane. Dei ynskjer seg kvar sin men til å byrja med blir det ein på deling....få ha den på hytta.........trur eg.
Det er mykje mønster så det blir dobbelt ullgarn heile vegen. Det går ikkje an å fryse med den enten ein er på land eller på sjøen. 


 Grillsesongen  er igang forlenge siden og middagen blir til tider servert ute.  Det er i grunnen der me trivst best på denne tida.


 Sjå den nydelig blomsten gubben fekk her i starten av mai. Fantastisk fin, tusen takk til givaren.


 Se dei nydelige fargane!


Ha ei kreativ og fin veke. 
Viktig med mykje kos i kvardagen og.

Viktig med dei gode kaffistundene innimellom. Tid til drøs som eg og ei av prinsessene mine hadde i dag.

Klem
Lilla dør

2 kommentarer:

  1. Her såg det koselig og kjekt ut...... fikk nesten lyst på ein Jæren tur eg .... Klem

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett