torsdag 29. mai 2014

Husets hjarte - iallefall i sommerhalvåret


Stadig litt meir ferdigmalt. I helga som var vart me ferdige med utestova/ den overbygde terrassen. Jillt å flytte inn igjen der. No i sommarhalvåret er det nesten husets hjarte:)


Terrassegulvet er beisa i askegrått 




Frå utestova mot hagen.....ganske frodig no.


Pilhøna mi, som Marit på Voll Juletregard har laga, har flytta inn igjen.


Den gamle brisken som har vore på eit av barneromma i si tid er forsatt like god å kvile middag på.



Gamal Ikea-trekasse gjer nytta som hylle 


Blomane og fargane kjem endå bedre fram no. Angrar ikkje på fargevalet på veggene:) lyst og lett men i og med vi tok litt mørkere grå inni utestova er det ikkje så "glimete" heller.


Jordbærampel frå Wiig, har allerede hatt min fyrste jordbærdessert derifrå....nam nam


Jordbærløper eg sydde for mange år sidan kom til heder og ære ute. Inspirasjon og delvis mønster: Annka. Gjenbruk kan vi vel kalle det.


 Lita tid til strikk, men det er iallefall ikkje langt vekke. Sommerens resteteppe, Arne & Carlos hageteppe


Vimplane eg sydde ifjor er på plass og. Like fargerike men det gav eit heilt anna inntrykk no når det var så lyst rundt dei.



Snart helg igjen:) Jillt når deler av utplassen no er ferdig mala og me kan rydde på plass det meste og ta ein pause før neste male-etappe:)
Ha goe fredag.
Me skal ha velkomstfest og grilling på terrassen i morgon, håper på godt ver!

Klem
Lilla dør

7 kommentarer:

  1. Så fint du har fått det! Lykke til med festen! Viktig å feire all innsatsen og et godt resultat!

    klem fra Ingunn

    SvarSlett
  2. Jag tycker mycket om Dina härliga vimplar!

    Dollandesign

    SvarSlett
  3. Å, for en deilig uteplass dere har, lekkert!
    Mange takk for hyggelige ord på bloggen min:)

    SvarSlett
  4. Så fin uteplass :) Jeg er også snart ferdig å male, godt å få det unna før ferien ;) Nyt helgen!

    SvarSlett
  5. Den uteplassen/terrassen din er flott.
    Skikkelig koselig. Der kommer det nok til
    å bli mange kosestunder utover sommeren.
    Ser ut som dere kan kose dere ute i finvær i
    morgen også.
    Ha ei fortreffelig helg :)

    SvarSlett