torsdag 22. mai 2014

Hageinspirasjon frå kjøkkenterrassen i kveldssola


Tre gode ting........
Eg har teke fram nokre hagebøker og litt kaffi i Greengate-kruset mitt og nyt kveldssola og inspirasjonen frå bøkene i kveld. Kan fort bli dyrt, men men det kostar ingen ting og drøyme. Ellers fekk eg skore til stoffbitane til eit sommarteppe medan eg naut kveldssola i kveld. Kven kunne tru det vart så fine kveld når dagen starta som ein skikkeleg regnversdag:)


 Pelargonier er spennande planter. Har fleire som har overvintra men det tek si tid før dei blomstrar......tok dei forseint fram og gav dei omsorg:) Denne boka er knalljille og goé. Her finn du dei fleste typane av pelargonier.


 Denne snopa eg hos Kåre Wiig sist helg.


Kan anbefale denne boka til inspirasjon til å plante i krukker og kar på terrassen. (denne boka har dei på Handelslaget såg eg:) ). eg kjøpte mi i fjor trur eg.


 Dette må jo være draummedrivhuset:)  (bilde er frå boka om Pelagoniane)


 Denne takløken er min........han er så fin ein kunne tru eg hadde tatt bilde frå boka, men nei då 


Ha ei fantastisk fin mai helg. Håper på godt male- og hagever:)
Takk for du var innom bloggen. Velkommen innom igjen. Håper du vart inspirert.

klem
Lilla dør

1 kommentar:

  1. Ja, jeg ble inspirert! Men vet du, jeg har et problem! -og da snakker jeg ikke om brunsneglene.... Nei, jeg har i svær blomsterkasse, og den er full av "naturlig" natt og dag, og de er så fine at jeg ikke har hjerte til å røske dem opp for å plante alle sommerblomstene jeg har kjøpt inn til kassa! Ja, ja, vi har alle vårt....... Ha ei flott helg du også!

    SvarSlett