torsdag 5. desember 2013

Julemarked i Stutgart


 Saman med gubben og to vennepar var me sist helg på julemarked i Tyskland. Her frå inngangspartiet til julemarkedet i Stuttgart. Under kjem nokre smakebitar frå turen i form av bilder. Var igrunn litt vanskelig å fange det på bilde. 


 Utruleg flott pynta opppå bodene. Det var eit syn i seg sjølv. 


 Masse julekrybber rundt om i byen. Store nesten i naturlig størrelse.


 Juletreet på Rådhusplassen




 Somme var meir pynta til julemarked enn andre. Eg kunne nok ha tenkt meg ei slik....... det måtte jo ha vore ein perfekt hatt i desember :))


 Var og innom julemarkedet i Esslingen. Det julemarkedet var meir prega av middelalder med kostymer og innhold:). Ein flott oppleving det og.


 Eplekringle. Frityrsteikte epleringer....knall godt.


 Keramikk til salgs. I tilegg selde dei glüwein i slike krus. Vi fekk kvart vårt av det.




Kjøpt slike "kanelbollar" som vart steikt på rull......




 Fann denne inspirasjonspynten i ein av favorittbutikk i Stuttart, Merz og Benzing.


 Mykje dekorasjonspynt selde dei. Eg kom til og med heim med store kongler...... ellers har det dukka opp slike røde lyslykter i kalenderen min. Nokon har funne ut at eg likte dei godt.:)))
Litt nye kakeformer og kakestempel var og med heim i kofferten. Kjekt med slik innhaldsrike butikkhaller. 



 Julekake som stall eller kykje?:)


Takk for fine dager saman med venner.....kanskje blir dette ein tradisjon. Trur me snart må bestille for neste år. Det var ein fantsastisk flott opplevelse. Det einaste me kanskje mangla var melisdryss med snø:)
Ha forsatt ei fin adventstid!

Klem
Lilla dør

3 kommentarer:

  1. Såg ut som de hadde hatt det kjekt:)

    SvarSlett
  2. For ein flott tur du har vore på. Ein lager sine tradisjoner sjølv og dei kan alltid fornyast. Dette såg gruelig kjekt ut. Ha gode dager!

    SvarSlett