onsdag 4. desember 2013

Kreativ strikkeklubb med noko attåt:)



Garnrester frå Ledaal Teppeveveri.

Eg er så heldig at eg går i ein kreativ strikkeklubb. Igår hadde me klubbkveld der Elisabeth hadde laga til ein ekstra aktivitet. Det er alltid like kjekt med noko nytt og gode ideer. Sjølv om eg alltid blir inspiret over allt det fine og kreative gjengen held på med innan strikk. 


Me laga gryteunderlag og/eller bordkåner til å ha under kaffi/tekoppen. Til det brukte me "garnrester" frå Ledaal Teppeveveri. Som me surra rundt før me limte det på baksida og la på ein sirkel med ullfllt.
Utstyr og ide frå Ledaal Teppeveveri i Stavanger.


Vart dei ikkje fine? 






 Nydelige blågrønne toner


So no har eg fått fin bordskånar til å ha under tekanna mi. Klar til mange gode tekoppar i adventstida.
Tusen takk for jille kveld.
Gler meg til neste kveld!

Klem
lilla dør

2 kommentarer:

  1. Så flotte dei var :-) dokke er utruleg kreative....
    Ha ei flott adventstid videre!
    Klem

    SvarSlett
  2. Dei passa godt til tekanna di. Takk for ein kjekk kveld:)

    SvarSlett