lørdag 9. november 2013

Ryddelørdag på syrommet, - klar for ferie og kos



I føremiddag rydda eg syrommet. Og no er eg klar for å være litt kreativ der igjen. Skal ha nokre dager fri. Det skal bli fantastisk å kunne start dagen på syrommet. 
Og når ein ryddar så kjem mange ufoar fram. Nokre kjem eg til å gjere ferdig nå, andre må nok vente litt til:)


 Desse smånissane dukka fram. Dei har nok vore klar for montering i mange år. Kanskje i år kanskje ikkje :)


 Desse skal være med på ei salgsutstilling og er straks klare, vent og sjå. Plutseleg er dei der på bloggen.


 Mykje stoff ligge klar. Eg trur nesten eg kan starte stoff- og garnbutikk. Kven veit?


 Klar til bruk. Tenkte det hadde vore jillt å laga nokre snømenn på dei. Eg likar godt snømenn. Som dokke ser er det trongt om plassen hjå meg. Noko må henge høgt. Kanskje eg kan kalle det miljø?


 Klar til bruk 


Neste store prosjekt er å lage eit kursoppsett. Kjekt med litt press på seg. Eg blir nok litt meir kreativ då. Ikkje akkutrat vinter stoff men av og til må ein ligge litt i forkant:)


Inni mellom kan eg strikke litt julegåver. Har til og med rydda og støvsuga rundt strikkemaskina på syrommet mitt. No er den og klar. Gjett om eg skal nyte timane på syrommet. Med eller uten kaffi:). Ekstra jillt når eg har fått rydda meg inn etter ein lang pause frå syrommet.


God helg. Jillt du såg innom til meg.

Klem 
Lilla dør

3 kommentarer:

  1. Fleire som skulle ha rydda på syrommet ja...... gle meg til å sjå kva du kjem med av nytt kursopplegg.... va flotte stoff og fargar ... ha gode dagar på syrommet og ei god helg til dokke alle
    Klem

    SvarSlett
  2. Så flink som har rydda! Blir deilig å få noen dager til å nyte fruktene, både ryddig rom og det som har dukket fram av skatter!
    Kos deg!

    SvarSlett
  3. Heldige du som har ryddig syrom. Nå blir det laget mye flott vet jeg. Kos deg på rommet ditt. D

    SvarSlett