torsdag 14. november 2013

Københavntur



 Gubben har invitert meg på tur igjen:). Nett no er me i København. Ein levande og jille by.


Har vore innom Sommerfuglen garnbutikk, mykje jillt, men eg klarte å vera forsiktig. Kjøpt nesten ingen ting. Kun to nøster garn pluss to bøker:).  Men eg henta mykje inspirasjon og det er viktig.


 Dei hadde mykje av Bente Geil. Eg fekk sansen for ho etter at eg var på to workshopar  medan ho var i Stavanger i oktober. Sjå her


 Jillt når dei pynter utanfor kafeane og butikkane. Dei fleste plassane er det full jul no. I morgon opnar Højbroplass sine juleboder. Eg kjem til å kome i julestemning før vi reiser herifrå:)

Hadde meg ein dansk lunsj idag med smørbrød.


 Mange fine strikkebutikker i københavn. Uldstedet har nettopp flytta og opna ein ny fin butikk på  Nørrebro.




Hyppige kaffipausar er viktig.


 Royal Copenhagen har ein erverdig og flott kaffe. der ein kan kjøpe kaker eller smushi (små smørbrød.  Er verkeleg verd eit besøk når ein er i København. 




 Illum er pynta til jul. Fantastisk stjerne pynt. Kan ei forklarast, må bare opplevast.


Ha fin kveld. 
Klem 
Lilla dør


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar