mandag 18. november 2013

Eg var innom endå ein fantastisk flott garnbutikk i København


 Denne butikken kjente eg som nettbutikk se her og medan eg var København oppdaga eg at den låg der:). Mykje fint og ein inspirerde butikk med prikken over ien. 


Desse sauene falt eg for.......dei hadde materialpakka på dei.


 Rasmilla`s Yndlingsgarn,  les om garnet her 56 farger var det å velge mellom. Så då måtte eg jo kjøpe med garn til denne jakka som eg hadde lyst å strikke som var i dette garnet. Eg valgte lilla i bunn og fargestriper i multicolor slik som i oppskrifta. Gler meg til å strikke den, men det må eg vente til eg har fått unna julegåvene +++


Oppskrifta står i boka "Mange masker " ei strikkebok med 24 strikkedesignere frå Danmark.  Jakka eg valgte er det strikkedesigner Rachel Søgaard som står bak.


 Eit sjal (tulipansjal) og ein hals vart det og mønster og garn til. Ifrå Hjelholt`s uldspinderi på Fyn. Mjukt og garn i friske fine farger.    Ein ullblanding av Merino og Gotlansk Pelsull.


 Her sauene som ventar på å bli produserte:)


 Lørdag var det julegateopning i sentrum og avduking av julevindaugene på Illum magasinet. Desse hønene er bare eit bite lite glimt frå det. Det var til og med snøkanon som spruta ut skum-snø frå taket......Ein var igrunnen nød å komme i julestemning. 



Også var eg innom ein av mine mange favorittbutikker  Marimekko:). Der og var det mykje jul.

Takk til nye følgere. Alltid like kjekt og det gir inspirasjon.
 Takk for tilbakemeldingene:)

Goé kveld videre
Klem 
Lilla dør

4 kommentarer:

  1. Det så ut til å være en drøm av en garnbutikk :)

    SvarSlett
  2. Her var det mykje flott :-) og eg forstår godt at du falt for dei sauene , dei var jo berre herlege ...Klem

    SvarSlett
  3. Der var det litt å velge i, ja:)
    Dei svart/kvite trea var enkle og fine, og sikkert ikkje vanskelege å kopiere...

    SvarSlett
  4. Det blir sikkert ei super jakke. Nydelige fargetoner.
    Klem

    SvarSlett