lørdag 5. januar 2013

Lue og hals på gang


 No har eg eit lite helgaprosjekt på gang. Kjøpe ei hespe med eit fantastisk garn med fine sjatteringer i då eg var i USA i haust. Briar rose fiber, 100% merino wool i fargen svart - brun. Garnet har modnast litt no på arbeidsrommet mitt. Det er no klart til å bli lue og hals til gubben i helga. Fann oppskrifta på Pickles. Kjapt herresett heiter det:) Det passa godt i både tittel og garntype:) Her har eg fått det over i to gode trådnøster. Klar til bruk.


Ei hespe.


 Ugla mi på arbeidsrommet  ( Mailega design )


Lua er ferdig, eg starta på den her om dagen ...klar for halsen i kveld. 
Goe laurdagskveld til dokke som er innom bloggen.
Klem
Lilla dør

2 kommentarer:

  1. God helg til deg også! Koser meg med bloggen din hver dag. Du er kjempedyktig

    SvarSlett
  2. det såg flott ut. Den blir bra til gubben MR

    SvarSlett