Etter lang dag med ulike aktivitetar og program er det bare herleg å krype opp i sofaen, ta fram nytt strikk og ein kopp med te . I tillegg kom det eit nytt blad i posten idag. Så då var det bare å senke skuldrene og nyte det. Det er fyr i vedovnen og vinden ule på det verste ute. Livet er i grunnen herleg..........
Eg var ein tur til Bryne igår og var innom Idestova. Og sjølvsagt kom eg ut at med garn i posen. Sjølv om eg held på fleire andre prosjekt bare i strikking. No var det tre nøster med 100% merinoull frå Rowan i sennepsfarge. Det var på tilbud...... halv pris...måtte bare ha det. Kjempe mjukt og godt å strikke. Kan anbefalast.
Flott farge!
Fekk oppskrift med, hals strikka på pinne nr.12. Så då går det fort unna.....eg har snart strikka fyrste nøstet.
Dette var gildt.......
Ha ein god kveld.
Det var en veldig fin farge! Er det samme garn så genseren min? Glede meg til å se resultatet! :) Ragnhild
SvarSlett