lørdag 7. januar 2012

Kaffikoppen og stemning på trappa ved den lilladør.





Åres fyrst kaffikopp på trappa:) og den smakte kjempe godt, eg fekk til og med selskap av eldstemann. Tru det eller ei, - sola skein. Sjå bilda. Det gjeld å være på rett plass til rett tid. Sola skein i 20 minutt men neste halvtime var  det hagl:(




 Sjå primulaen så flott den er. Lyser vår og energi. Igår då eg var og handla til helga møtte eg ei vennine som gav meg eit godt tips.  Desse primulane tåle visst godt å stå ute no. Tenk for ein fin fargeklatt på trappa. Men eg måtte snope meg ein til ha inne og:). Skulle me vere så heldige å få litt snø kan jo er ta korga inn i gangen.


 Bare nyt det .....eg vart iallfall inspirert. Legg merke til sola!!!!



Engelen har funne plassen i dørkransen ved siden av den lilladør.


 Jamen var det fleire snømenn på trappa og. I tillegg til desse to i tre er det snømenn på vintergardinet på det litle vindauget ut mot trappa.


Gardinet er sydd som eit lite teppe, applikert med tungesting og med punktquilta himmel for å få snøeffekt.


 Sommarblomar frå sist sommar....spent om dei overvintrer . Har stått her på trappa i heile hausten og blomster rikt ennå. Tross vind og surt ver.


Goè laurdag. 

Klem lilladør som håper på mange gode kaffikoppar på trappa.

2 kommentarer:

  1. Skulle ikkje tru du var i Norge ...... kjempekoselig og friskt var dette! Å så den fiiine koppen , den var berre herlig !
    God helg til deg og dine!
    Klem Laila

    SvarSlett
  2. Du verden, hos deg er det jo vårstemning mens vi føler og ser berre vinter no om dagen. Er nett komen heim etter ein tur over fjellet i snø og sørpe. Gardina di var heilt herlig.
    God helg til deg også!

    Klem :)

    SvarSlett