torsdag 7. juli 2011

Korga mi!


 Har kjøpt meg ny korg i vår. Eg har over lengre tid fått utalige hint og blitt små-mobba for mange korger rundt om i huset.  Så då eg kom over denne, såg eg redningen. Ei kjempekorg ca 65cm i diameter og ca 70 cm høg, ho rommer litt......... Så no kan eg putte fleire korger opp i denne. Min filosofi er jo at då har eg bare ei elller iallefall færre korger:)))))


 Eg dukka ned i ho idag og ville sjå kva strikkearbeid eg hadde på gang. Det såg ut som eg trivst med å byrja på nye prosjekt. Her er det fann i korga


 Lubbar som eg har strikka på maskin klar for å sy saman.


 Sokkar strikka i garn eg kjøpte på Ullrommet. Raggsokkgarn 90 % mohair og 10 % ull. Sjå den flotte fargen.


 Trekant sjal snart ferdig strikka i fabel. Stripene kjem av seg sjølv.


 Jakke til meg i Tvinni, så det tar nok si tid:)


 Dominoprosjektet Sommerteppe inspiret frå stranda. Kjempe kjekt å strikke.


 Endå eit dominoprosjekt i Angora -Tweed. Det vil seia 30% angorga og 70% merinowool. Noko garn eg fann på salg, nok til barneteppe.


Lue i flette strikk. Strikka i dobbel alpakka.
Som dokke ser blir eg ikkje arbeidsledig denne sommaren heller..... Tar nok noko av det med meg på ferien.  Må jo ha strikk når med kjører på biltur.  Kanskje kan eg vise noko av det ferdig om ikkje så lenge viss eg ikkje byrjar på nye prosjekt:))))

1 kommentar:

  1. Hmmmm, eg kjenner meg att i dette gitt..... Fleire prosjekt på gang, på same tid.

    Men du så flotte prosjekt du har på gang då! Sommarteppet ditt blir aldeles nydeleg!!!

    Og serviettane med hjarte på, nydelege dei og!
    Eg reknar med de hadde ein flott dag alle saman;o)

    Solklem

    SvarSlett